MEINING:

Er det rett at eg, som i mitt tilfelle, i ein alder av 75 år skal pleie mi eiga mor som er 96 år gamal?

Behov for institusjonsplass/langtidsopphald for eldre i Lom kommune - pårørande som "bakvakter"?
Meining

Eg ser i GD måndag 8. mars at det ligg på ordførar Bjarne Eiolf Holø at det har teke så lang tid med hyttebygging i bygda, men kva med eldre i bygda som skulle hatt ein institusjonsplass/langtidsopphald på institusjon?

På Lom helseheim står det ei fint brukbar avdeling som berre blir brukt som lager og trimrom. Kva vil politikarane gjere med det?

Er det rett at eg, som i mitt tilfelle, i ein alder av 75 år skal pleie mi eiga mor som er 96 år gamal? Eg tillet meg å spørje, sjølv om svaret vel burde gje seg sjølv? Det er vel og bra med heimesjukepleie og tenesta dei kan yte, men dei kan ikkje vera alle plassar natt og dag i vår langstrakte kommune.

Eg har sjølv lang erfaring frå pleie- og omsorgsyrket, og har arbeida både på institusjon og i heimesjukepleia i til saman 30 år, men det bør ikkje medføre at eg som sjølv strevar med helsa mi skal nyttast som ei slag “bakvakt” i min eigen heim?

Eg vil gjerne vite kva politikarane frå dei fire vallistene i Lom kommune konkret vil gjere med denne utfordringa, som ikkje burde vera ukjent for dei vonar eg. Eg veit det er mange ute i grendene i Lom kommune som strevar med det same og som ynskjer klåre svar på dette, for seg og sine kjære som treng pleie utover det heimetenesta i Lom kommune kan yte.