MEINING:

Gigantomanien bit seg fast i Kommune-Noreg

Meining

Kommuneøkonomien er alltid anstrengt, og folketalet er dessverre på tur ned i dei aller fleste utkantkommunar i landet vårt. For min del, er det snart 40-årsjubileum sia fyrste gongen eg var med behandla planar om samanslåing av kommunar i Ottadalen og Nord-Gudbrandsdalen.

Ordføraren i Vågå har i tillegg etter mi meining starta i feil ende. Etter at Vågå i fleire år har søkt eit stadig tettare samarbeid nedstraums, kan eg vanskeleg sjå invitasjonen til ein superstorkommune anna enn eit forsøk på å utvide eit allereie eksisterande samarbeid ved å trekkje inn nye utkantar som "påfyll" for å styrke aksen Vågå - Sel.

Å slå 6 tunt folksette kommunar der busetjinga er spreidd over fleire tusen km2 saman til ei vil føre til store logistikkproblem. Ei meir realistisk løysing er ein kommune i Ottadalen og ein i Nord-Gudbrandsdalen, men for meg ser det ut som om eit stort fleirtal ynskjer å ha den inndelinga i bygder vi har hatt i hundreår.

Å spara inn pengar på administrasjon er kanskje eit edelt formål, men Kostra-oversiktene syner at bygdene sjeldan har fleire tilsette enn dei treng, og i alle fall ikkje innan skuleverk og omsorg.

Dessutan: Fleirtalet av tilsette bur og betaler skatt i kommunene dei arbeidar. Ei hardhendt rasjonalisering kan lett føre til nye interne flyttelass!

"Hvem skal hindre at distriktene blir et gamlehjem? spør tidlegare politisk redaktør Hallvard Grotli i GD 5. mars.

Spørsmålet er viktig, han brukar Lom som døme og viser til at bygda har mista 700 innbyggjarar, dvs. 25% av innbyggjarane sia 1971. Ordførarane Edel Kveen og Mariann Skotte skriv i eit lesarinnlegg i Gd 7. november at "Vi blir ikkje fleire innbyggjarar ved å endre kommune-grensene." Eg trur dessverre dei har rett.

Situasjonen er svært vanskeleg, og knapt nokon har eit fullgodt svar.

Eg har budd i Lom heile livet og har aldri funn grunn til å klaga på kommunale tenester av noko slag. Tvert imot, eg har trivist i eit lite samfunn og greidd å utvikle meg og leva eit spennande og utfordrande liv i utkanten mot aude fjellheimar.

Kanskje bør lomverane fokusere meir på å skapa "det gode liv" for seg sjølve og sambygdingane sine, slik professor i samfunnsplanlegging Ulla Higdem formulerer det i same avisa som Grotli.

Korfor prøve å bli stor når ein lykkeleg som liten?