MEINING:

Gratulerer til Nord-Gudbrandsdal med nytt slakteri

Meining

Varsko til Nortura. Når Nortura til store protestar la ned slakteriet på Otta og beredde grunnen til eit slakteri A/S i ein dal med sterke samvirketradisjonar, må det bli eit varsko for heile samvirkemodellen. Når matvarekjedene og slakteri A/S ynskjer å ta ein større og større marknadskontroll over verdikjeda for mat, bør det vere eit varsko for dei av oss som arbeider for eit lønnsamt jordbruk over heile landet.

Med stengde grenser ser vi nå statsminister Solberg på TV som seier at vogntoga må passere inn i landet for elles blir den daglege matforsyninga kritisk. Matvareberedskapen må styrkast kraftig. Da kan vi ikkje legge ned slakteri fordi rammevilkåra er for dårlege. Dette er det Stortinget sitt ansvar å rette opp i, men næringa sjølv må fortelje kva som er nødvendig.

Målet med norsk jordbruk er å produsere mat til den norske befolkning, ikkje at stadig færre skal tene stadig meir på den jobben som bøndene gjer. Slik er det i dag. Matvarekjedene tek større og større kontroll over verdikjeda utan at dagens regjering leia av Høgre løftar ein finger.

Dersom ikkje vi i Norge klarar å legge til rette for lønnsam jordbruksproduksjon i Gudbrandsdalen, vil enda fleire bønder slutte å produsere maten vår.

Den mobiliseringa vi har sett i Nord-Gudbrandsdalen for fortsatt slakteri er eit resultat av beslutningar hjå eit svekka Nortura. Nortura er gjeve ei plikt til å hente alle husdyr til slakt i heile landet. Når Nortura vart organisert som eit konsern var poenget at utbetalingsprisen skulle vere lik over heile landet. Det er berre bøndene sitt eige selskap, Nortura, som har interesse av og ansvaret for å regulere pris opp mot jordbruksavtala.

Det går ei grense for samvirkebøndene sin lojalitet til eige selskap når dei ser at samvirket trekker seg ut av Gudbrandsdalen. Den krafta som mobiliseringa for eit nytt slakteri på Otta utløyser må både samvirkeorganisasjonane, faglaga og ikkje minst vi som politikarar ta på alvor. Det går ei grense for alt.

Kva da den dagen Nortura ikkje lenger maktar oppgåva som marknadsregulator? Blir det da betre prisar til bonden eller billigare mat til forbrukaren? Blir det fleire bønder eller kjem fleire til å bli så pressa på pris etter kvart at dei gjev opp? Kva med mottaksplikta? Om bonden ikkje får levert slaktet sitt til rett pris, kva gjer han da?

Skal vi få opp sjølvforsyningsgraden til 50% i Norge, som både Sp, Ap, Sv, Mdg og R på Stortinget er einige om, må vi sikre eit langt meir lønnsamt jordbruk som får betalt for det det faktisk kostar å produsere god, rein, norsk mat. Da kan ikkje andre i verdikjeda stikke av med verdiauken. Det må vere lønnsamheit i alle deler av verdikjeda.

Det er mange som står bak eit fortsatt slakteri på Otta. Da får vi håpe at Nortura no vaknar og krev betre rammebetingelsar slik at pølseproduksjonen i Målselv og slakteriet på Gol kan vidareutviklast. Det er verken Gudbrandsdalen eller Hallingdal som skal redde samvirket eller Nortura. Vi treng ei ny regjering med nye grep for å sikre norsk matvareproduksjon for at du og eg skal ha mat på bordet. Ikkje minst eit jordbruk som baserer seg på gras- og beiteressursar.

Vi treng ein ny opptrappingsplan som gjer det lønnsamt å dyrke jorda, vi må sikre familiejordbruket, styrke importvernet, sterk regulering av kjedenes eigne merkevarer (EMV) og få ei radikal endring av den kursen vi ser nå. Vi ynskjer å styrke samvirkemodellen, men alle partar må da bidra til det.