MEINING:

Kva vilkår ynskjer vi for ei av dei viktigaste næringane for framtida, landbruket?

Meining

Bruken av beite går ned, vi importerer og bruker meir kraftfôr til husdyra våre, vi greier ikkje å auke sjølvforsyningsgraden i Norge. Norsk matvaresikkerheit er svekt.

I avisene les vi at vi importerte kjøt frå utlandet som aldri før i 2020, vi importerer også meir kraftfôr. I tillegg pyntar vi på sjølvforsyningsgraden ved å rekne inn det importerte kraftfôret som norsk. Vi bygger også ned matjorda vår, Norge er av dei landa i verda som har minst matjord pr. innbyggar.

Med større usikkerheit kring produksjon av mat rundt om i heile verda og klimaendringar som fører til svikt i avlingar, må vi som bur i Norge ta inn over oss at vi har store utfordringar. Import er ikkje noko vi kan rekne med som sikkert, det har også pandemien vist oss. Det er heller ikkje særleg solidarisk og berekraftig med import frå land som treng maten og jorda si sjølv.

I landet vårt har det vore ein politikk som seier at alle gardsbruk, inkludert dei små- og mellomstore, er viktige. Vi skal ta heile landet i bruk. Men, den landbrukspolitikken vi styrer etter nå fjernar moglegheita for å drive landbruk ute i distrikta, og grunnlaget blir rasert.

Det blir ikkje initiert politiske verkemiddel for å snu denne utviklinga og vi sit att med distrikt der gardsbruka forsvinn. Krav til investeringar i landbruket forsterkar raseringa av dei små- og mellomstore bruka.
Dette skjer på same tid som vi sit med kunnskap om at vi må ta all jorda i bruk, vi har ikkje nok landbruksareal og det arealet vi har, steller vi ikkje godt med. Vi utarmar jorda.

Nå er det nye jordbruksforhandlingar og Innlandet fylkesting skal kome med innspel til verkemiddel og vilkår for dei som skal produsere mat, plantar, skog, og drive med viktig verdiskaping for Norge.
Da må vi på alvor ta inn over oss kva som skal til for at vi kan auke lønnsemda til dei små- og mellomstore bruka. Vi må vri produksjon frå volum til auka sjølvforsyninggrad og sunn bruk av jord, få attende produktiv jord som held på vatn og næring, sikre gode beitemoglegheiter og betre dyrevelferd, og ikkje minst støtte dei omstillingar som landbruket må igjennom. Det er ikkje dei store matvarekjedene som skal sitte att med størst inntening.

Store endringar må til på fleire områder og landbruket er av dei næringane som må gjennom omfattande omstillingar. Gardbrukaren er ganske einsleg om store viktige avgjerder i kvardagen, noko vi kjenner til og forstår er krevjande. God landbruksrådgjeving er nødvendig, også for å forebygge psykisk helse. Landbruksrådgjevinga må styrkast, og det over heile landet.
Innlandet SV er klare til å arbeide i lag med dei andre partia på fylkestinget for å få til gode innspel til årets jordbruksforhandlingar.