KOMMENTAR:

Politiets innbyggjarundersøking: Tilfeldigvis tilfredse innbyggjarar?

Meining

Kven vart spurt i politiets innbyggjarundersøking? Vi kan vera sikre på at metodikken og utvelginga av respondentar er kvalitativt sikra, men likevel; kor mange ottadølar vart spurt?

Eg er ikkje tilfreds med at det ved ein brann i bygda skal ta nesten to timar før ein innsatsleiar frå politiet er på plass for å ta viktige avgjerder.

Eg er ikkje tilfreds med at det kan ta enda lenger tid viss det skjer ei ulykke på fjellet.

Eg er ikkje tilfreds med at vi har gode polititfolk i dei tre bygdene våre som, på grunn av formalitetar, struktur og organisasjon, ikkje kan rykke ut når hendingar krev det.

Eg er ikkje tilfreds med at politimeisteren får enda eit bestilt bevis på at tenestene han leverer er gode, slik at dei kan slå i bordet med at politireformen er bra. Slik som det blir gjort når statistikken syner at politiet er innafor når det gjeld responstida - i snitt, men ikkje i det verkelege.

Eg er ikkje tilfreds med at lokale politifolk kjenner at dei ikkje kan gjera jobben sin.

Eg er ikkje tilfreds med at politimeister Brekke seier at det er «ei absolutt priotering for oss å koma raskt til staden når innbyggjarane har behov for hjelp». Han veit at det likevel ikkje stemmer.

«Det er avgjerande for oss å ha tillit i befolkninga», seier Brekke.

Det er så absolutt avgjerande, men den tilliten tek til å bli svært så tynnsliten ute i distrikta er eg redd.

Tilfeldigvis - og heldigvis - har ikkje dei store katastrofane råka, men skal politiet basere seg på flaks og tilfeldigheiter?