MEINING:

Ei desentralisert folkevald kommuneforvaltning  er best skikka  til å ta vare på ei spreidd og desentralisert busetjing

Meining

Samanslåing og desentralisering

Enkelte av våre leiande lokale folkevalde ser ut til å tru at større kommunar er svaret på ynskje om meir desentralisering i bygdesamfunna våre. Dette samsvarar lite med det meste av det bygdeforskarane fortel oss. Samanslåing og regionalisering vil mest sannsynelg virke sentraliserande både innanfor områda som vert slege saman, og vil forsterke flyttinga ut frå regionen. Samanslåing vil føre til færre offentlege arbeidsplassar. Det er liten grunn til å tru at større kommunar kan løyse utfordringar som vi ikkje maktar å løyse med interkommunalt samarbeid.

Det er vanskeleg å sjå at lokalsamfunnstilhøva har endra seg vesentleg sidan folkerøystinga i kommunane våre for få år sidan. Vi kjenner alle folkemeininga som kom til uttrykk da.

Høgre-Erna pressar nok på for å få større forvaltningseiningar, slik at overføringane frå staten til distriktskommunane kan reduserast ytterlegare. Dei tenesteytande funksjonane som større kommunar må ta hand om, vil måtte gje større einingar og medføre lengre avstandar til barnehagar, skular og helseinstutusjonar. Ei desentralisert folkevald kommuneforvaltning er best skikka til å ta vare på ei spreidd og desentralisert busetting. Dette vil gje oss eit land som er betre å bu i, og som vil evne å ta vare på våre rike naturressursar i innlandet og ved kysten. Det er i desse delane av landet vi finn grunnlaget for verdiskapinga.