MEINING:

Lytt til folket - skrinlegg planane om eit storsjukehus ved Mjøsa

Meining

Til Styret i Helse Sør-Øst.

Brukarutvalet ved NGLMS (Nord-Gudbrandsdal Lokalmedisinske Senter) arbeider for å ivareta behova for helsetenester for brukarane i Nord-Gudbrandsdalen. Naturlegvis er vi opptatt av å oppretthalde tenestetilbodet som er ved NGLMS, og vi arbeider for å få lagt fleire spesialisthelsetenester hit.. Det betyr mykje for alle at flest mogleg av desse er så nær brukarane som råd.

Vi ser at gode helsetenester er ein sum av alt vi har behov for, det vere seg akutthjelp eller planlagt behandling. Eit velfungerande lokalmedisinsk senter avheng av andre avdelingar innanfor Sykehuset Innlandet.

Brukarutvalet registrerer at det herskar stor uro og bekymring for framtidig sjukehusstruktur.

Folket som bur i Nord-Gudbrandsdalen har lang nok reiseveg til sjukehuset. Denne reisevegen må ikkje bli lenger enn den alt er, korkje for planlagt behandling eller akutt hjelp. Vi vil presisere at Tynset Sjukehus ikkje er eit brukbart alternativ. Til det er reisevegen dit for lang og usikker, særleg vinterstid.

Eit stort Mjøssjukehus vil krevje enorme ressursar, både når det gjeld økonomi og med tanke på kompetansemiljø og personell/bemanning. Vi fryktar dette vil gå utover tenestene her ved NGLMS.

NGLMS, som førstelineteneste i den akutte kjeden i Nord-Gudbrandsdalen, treng at akuttmottaket på Lillehammer blir verande der det er. Dette for best mogleg pasienttryggleik.

Dagens sjukehusstruktur er ei distriktsvennleg løysing som gjer det trygt å bu i Nord-Gudbrandsdalen. Den er positiv også for drift og tenester ved NGLMS.

Brukarutvalet ved NGLMS ber om at Helse Sør-Øst lyttar til folket og skrinlegg planane om eit storsjukehus ved Mjøsa. Utbyggingsressursane må heller bli brukt til å ruste opp og drive dei eksisterande sjukehusa og lokalsjukehusa.

Det må også leggast tilrette for betre parkering ved einingane, da erfaring visar at kollektiv trafikk og konsultasjonar ikkje vert tilpassa kvarandre.