MEINING:

Jarmund Øyen: Undrande til tilråinga

Meining

Det undrar meg at administrasjonssjefen i Lom kommune tilrår å løyve 8 millionar kroner til bygging av nytt slakteri på Otta.

Bankar, investorar og industrien ser ut til å seie «nei» til å bygge eit nytt slakteri . Risikoen er vel vurdert for høg?

Overkapasitet, fallande etterspurnad etter raudt kjøt, import og kjedenes eigne merkevarer, gjer marknaden krevjande for slakteria. Difor vågar ikkje pengefolket ta risikoen sjølve.

Skal storkapitalen, representert ved Jæder og Fatland, føre enda fleire verdiar ut av regionen?

Det vil overraske meg, dersom Lom kommunestyre, som representerer innbyggjarane våre, vil belaste oss med nye, og eventuelt framtidige, låneopptak i i mangemillionklassa, i ei tid da kommunen vår ikkje maktar å finansiere gode nok tenester innan lovpålagde oppgåver i barnehage, skule og helse/omsorg.