KRONIKK:

På med bunaden for sjukehus!

Sjukehusdebatten rullar vidare.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Meining

Bunadsgeriljaen er blitt eit synleg bevis på distrikta sin føde- og sjukehuskamp, og engasjementet har vokse seg stort. Frå Kristiansund, til Helgeland og Oslo brenn det i sjukehusfaklar og det protesterast mot sentralisering og auka reiseavstandar for både fødekvinner og alle andre. No er det på tide å hente fram bunaden for å tydeleg krevje at også Innlandet skal ha ei sjukehusutvikling folket fortener. Innlandet må sikrast sjukehusplanar og investeringsmidlar som trengs for at innbyggjarar i alle delar av fylket får kortast mogleg veg til sitt sjukehus, gode prehospitale tenester og utvikling av lokalmedisinsk senter(LMS).

Helse Sør-Øst er tydelege på at det ikkje er nok med eitt hovudsjukehus. Det burde etter vårt syn føre til at den geografiske kabalen blir lagt på ny. Det må ikkje gå prestisje i å halde fast ved gamle vedtak, dersom nye vurderingar peikar på andre løysingar. Fylket og folket fortener ei balansert sjukehusutvikling i heile fylket, både mellom aust og vest og mellom nord og sør.

Helse Sør-Øst har pålagt Sykehuset Innlandet store sparekrav for å kunne realisere nødvendige investeringar. Sparekrava fører til nedbygging av viktige rehabiliteringstilbod og ei svekking av behandlingskapasiteten innan både psykiatri og somatikk. Ingen er tent med at Sykehuset Innlandet må kutte i viktige pasient-tilbod for å klare å investere nytt! Derfor må det i større grad tenkast gjenbruk, slik styret i Helse Sør-Øst allereie har varsla. Saka viser også kor feil helseforetaksmodellen er. SP meiner at sjukehusa må styrast etter ein forvaltningsmodell med folkevald styring av sektoren. Dei regionale helseføretaka må leggast ned! Sp ynskjer også ein ny finansieringsmodell for sjukehus, der store sjukehusinvesteringar blir prioritert av Stortinget i nasjonal helse- og sjukehusplan og blir fullfinansiert over statsbudsjettet. Vi vil skilje investering og drift slik at sjukehus ikkje må gå med overskot for å kunne investere nytt.

Det har skjedd mykje innanfor helseregionen og helseføretaket sidan fylkestinga i gamle Oppland og Hedmark gjorde sine vedtak. Sidan 2017 har det kome vedtak om at sjukehuset på Tynset skal bestå med akuttfunksjonar og at Kongsvinger sjukehus går over til A-hus. Det såkalla målbildet for sjukehus strukturen er endra av Helse Sør-Øst. Det blir nå utreda både eit akuttsjukehus og eit elektivt i tillegg til hovudsjukehuset.

Sist, men ikkje minst, har vi hatt ein pandemi som set mange ting i perspektiv opp mot jobbing, pendling, beredskap og sårbarheit. Å ha fleire mindre sjukehus i staden for eitt stort, er bra i ein pandemi. Det fekk ein erfare på Helgeland, som lenge planla for eitt storsjukehus, men som no er landa ned på to. To fødeavdelingar i staden for ein stor var viktig då koronaviruset førte til stengt fødeavdeling i Mo i Rana. Og ein ting som ikkje har endra seg i pandemien, er dei geografiske avstandane. Det er fortsatt like langt frå Lesja til Lillehammer og frå Trysil til Elverum.

Det er positivt at Helse Sør-Øst har bestilt ei ny samfunnsanalyse. Den skal ta omsyn til kommunal- og regionalplanlegging som vektlegg reduksjon av transportbehov og prioritering av klimavennlege transportformer, auka fortetting, jordvern og virkninga av sysselsetting og befolkningsstruktur. Spørsmålet ein kan stille er kvifor dette ikkje er gjort før?

For eit år sidan peikte vi i Sp på at dyre sjukehusplanar i Oslo kan ramme Sykehuset Innlandet også økonomisk. Dei neste åra planlegg Helse Sør-Øst investeringar for opptil tolv milliardar kroner kvart einaste år. Det er meir enn dei årlege investeringane til heile Sjukehus-Norge dei siste åra. Helse Sør-Øst forsvarar det høge investeringsnivået med forventningar om at sjukehusdrifta skal bli mykje meir effektiv så fort sjukehusa flyttar inn i nye bygg. Igjen og igjen har vi sett at denne typen forventningar ikkje slår til, og i så fall vil ikkje Helse Sør-Øst ha råd til å gjennomføre utbyggingane i Innlandet som planlagt.

Den avgjersla som Helse Sør-Øst skal ta nå om sjukehusstruktur vil vere noko av det viktigaste som vil skje og påverke utviklinga i Innlandet dei neste 10 – 20 åra, både dei økonomiske rammene og kva struktur dei landar på. Derfor må vi av med nisselua og på med bunaden og krevje ein sjukehusstruktur med tenester som vil komme heile fylket til gode og styrke Innlandet i sum. Sjukehus er eit hundre prosent offentleg finansiert velferdsgode. Utviklinga av denne sektoren er for viktig til at den blir overlatt til helseføretaksmøta. Sjukehus er politikk. Derfor må folkevalde på bana. Det er eit politisk ansvar å sikre folk gode helsetenester og trygg beredskap også i framtida.