MEINING:

Takk, Ola!

Meining

Kan Ola Yttre rekne?

Har sett skjåkværen Ola Yttre i Dagsnytt Atten ein kveld der har argumenterte for at alle ambulansar bør ha "Lukasmaskin" eller kva det nå heiter: Ei maskin som kan utføre hjertekompresjon på pasientar på veg til sjukehuset. Desse kostar vissnok 150.000 pr stykk. Han opplyste også at eit liggedøgn på sjukehus kosta 50.000. Altså kostar ei slik maskin tilsvarande 3 liggedøgn. Eg forstår meg ikkje på politikk, men eg forstod det slik at det var vanskeleg å få pengar bevilga til dette. Det undra meg storleg at ein elles fornuftig mann som Ola ikkje forstod dette. Rundt byane der det er stutt avstand til sjukehusa var det visst mange fleire ambulansar som hadde denne maskina, det er forståeleg. Altså er det utkantane med adskillig lenger avstand til sjukehusa som først og fremst treng pengar til dette. Kan ikkje du Ola å rekne? Tenk: Når ikkje slike maskin blir innkjøpt, er 150.000 spara pr ambulanse. Dersom passienten døyr i løpet av den lange turen: Kor mange liggedøgn à kr 50.000 pr død sparar samfunnet da ? Dette dreiar seg om mange pengar spara det, Ola. Nei, Ola - nå må du lære deg å rekne!

- Forresten kanskje Ola tenker annleis? Kanskje han tenker på at det å redde liv er viktig også i utkantane. Kanskje fanken han Ola er ein fornuftig kar lell. Kanskje han reknar på ein annan måte enn dei som driv helsestell etter foretningsmessige retningsliner.

Eg trur jaggu eg kjem til å stemme på deg lell eg, Ola! Når eg nå kom på dette vart eg jaggu stolt av å vera skjåkvær.

Takk, Ola!