MEINING:

Kommunestruktur skal avgjerast lokalt

Meining

Kommunestruktur skal avgjerast lokalt, det har heile tida vore Senterpartiet si meining. Ikkje med tvang, ikkje av byråkrater eller media, men av lokale folkevalte. Vi må fyrst sjå kva vi har, kva vi kan få ut av samarbeid på tvers av kommunegrenser, og kva er målet til ei ny stor kommune?

Fleire av kommunane i Norddalen er store landbrukskommunar med sterke fagmiljø og gardbrukarar som satsar mykje ressursar på framtida. Skjåk har eit sterkt industrimiljø der fleire bedrifter nå gjer store investeringar for framtida. I Lesja er det mykje investeringsvilje i landbruket. Investering i ei kommune kjem heile regionen til gode blir det sagt i mange samanhengar. Reiselivsnæringa har hatt ein usedvanleg god sommarsesong, men for mange eit tøft år totalt sett. I reiselivet er det òg mange som vidareutviklar seg for å møte framtida. Vi har foredlingsbedrifter som gjer eit framifrå arbeid, nå nyleg med gullmedalje til både Lesja- og Skjåkprodusentar! Det er mykje positivt som skjer i næringslivet, og det er bra, arbeidsplassar har samtlege kommunar behov for framover. Innovasjon er ein kontinuerleg prosess, ei rekke lokale bedrifter har nytte av Sparebank 1 Fjellbanken, Skåppå, NTNU, Sintef, Siva og katapultsentra for å nemne nokre gode samarbeidspartar.

Regionen har mykje gode døme på godt lokalt samarbeid, for eksempel Lom og Skjåk brannvesen og Lesja og Dovre brannvesen. Dette er dedikerte, engasjerte, flinke og kompetente folk med god lokalkunnskap og ansvarskjensle for sitt arbeid! Vi har mykje samarbeid i regionen, og vi er vel alle einige om at ingen av oss klarer oss utan samarbeid med andre.

For regionsamarbeidet er det naudsynt å sjå nærare på felles legevakt og lokalmedisinsk senter, for å få ei god og framtidsretta løysing i samarbeid med spesialisthelsetenesta. Valdres er eit godt eksempel som vi ynskjer å lære av. Det var planlagt ein studietur til Valdres i vår, men den vart dessverre utsatt på grunn av pandemien.

Samfunnsforskar Jon Helge Lesjø hevdar at Lesja og Skjåk ikkje kjenner på det same presset som dei andre kommunane fordi vi har kraftinntekter. Nå er det slik at fem av seks kommunar i Nord Gudbrandsdalen har betydelege kraftinntekter, desse inntektene er variable og med sterkt press frå enkelte miljø om å redusere dei ytterlegare. Vi kjenner alle på situasjonen kring kommuneøkonomi og omstilling, og registrerar samstundes at det gjer større kommunar som Lillehammer òg. Vi blir stadig pålagte fleire oppgåver utan at det fylgjer pengar med, det blir ikkje annleis i ei ny kommune med eit gedigent areal og ei demografisk utfordring. La oss byggje vidare på dei gode ressursane vi har i lokalt næringsliv og dei gode fagmiljøa vi har totalt sett i regionen!

Den strukturendring som ligg føre i Nord Gudbrandsdalen er basert på Vågå og Sel si tidlegare intensjonsavtale. Vi fekk opplyst av ordføraren i Vågå at vi kunne bli ein del av dette, men at det ikkje var tid for å ta opp dei andre intensjonsavtalene. Ei tidlegare intensjonsavtale for to kommunar er etter vår meining eit for tynt grunnlag til å invitere 4-6 kommunar inn i. Dersom intensjonen er å byggja ein heilt ny kommune må alle partar stille med blanke ark. Vi blir ikkje fleire innbyggjarar i norddalen ved å endra kommunegrensene og vi meiner vi kjem lengre ved å arbeide vidare for eit positivt samarbeid i regionen. Vi har alle nytte av kvarandre, god utvikling i ei kommune er positivt for heile regionen.