MEINING:

Kommunesamanslåing og dei rette spørsmåla

Meining

Ordførar i Vågå har spurt formannskap og kommunestyre om det er greit å snakke med andre kommunar om samarbeid og mogleg samanslåing. At han fekk tilslutnad til dette skulle ikkje undre nokon. Det har vore ein enorm vekst i kommunale oppgåver og ansvar dei siste tiåra, og saman med endring i arbeidsmarknad, næringsgrunnlag og demografi, er det sjølvsagt at vi må sjå på om organiseringa og struktur er tenleg.

Det verkeleg interessante spørsmålet er korleis ein skal arbeide med dette framover. Det var ikkje ordføraren klar for å diskutere enda.

På leiarplass i GD skriv dei at kommunesamanslåing snart er det einaste verkemiddelet som er igjen for å hindra fråflytting frå distrikta. Det er sant at kommunesamanslåing er eit sterkt verkemidel, men det har liten effekt i seg sjølv. Samanslåing er ein moglegheit til å gjere mange ting annleis samtidig. Det er korleis ein løyser oppgåver i ein ny kommune som avgjer om ein samanslåing gjev gode resultat.

Difor blir vi uroa når ordførar i kommunestyret seier om ein mogleg samanslåing at med nedgang i folketal og økonomi har vi ikkje anna val. Ein samanslåing aleine løyser ikkje dette problemet, det er korleis vi klarer å bruke ein samanslåing til vekst og finne betre løysingar som er avgjerande.

Vi treng å hente inn kunnskap frå kommunar som har slått seg saman, der vil vi kunne lære både om utfordringar og moglegheiter. Det fins fleire fagmiljø som forskar på distriktskommunar og som veit kva som lukkast og ikkje. Kunnskapen er der, og vi må ta den i bruk.

Skal vi gå inn i eit nytt arbeid med ein ny kommune som mogleg resultat, så ventar vi at ordførarane bruker tid på å samle kunnskap og erfaring som grunnlag for å gjennomføre ein grundig og god prosess. Vi treng å ta avgjerdslar på bakgrunn av kunnskap og fordi vi ser moglegheiter og har visjonar for framtida i Norddalen.

Om samanslåing ikkje er siste verkemiddelet vi har, så er det i alle fall eit kraftfullt eit. Og det er eit verkemiddel ein ikkje kan bruke igjen og igjen. Vi bør lukkast på første forsøk. Spørsmålet er difor ikkje om vi skal diskutere kommunesamanslåing, men korleis.

Vi i Vågå senterparti vil vere ein konstruktiv medspelar i det arbeidet. Vi har tru på ein lys framtid for Vågå og Norddalen om vi kan sjå moglegheitene og bygge vidare på engasjement og idear frå både politikarar, administrasjon, næringsliv og innbyggjarar.