MEINING:

Kor lenge må vi vente på nye tunellar RV15 Skjåk-Stryn?

Kong Olav opna heilårsvegen 17. oktober 1978.  Foto: Facebook/Svunnen tid i Skjåk

Meining

Ferdselsvegen mellom aust og vest har alltid vore viktig. Det ser vi av det som smeltar fram frå isen på Lendbreen i Skjåk med spor av tidleg ferdsel med både hest, folk og varar.

Den fyrste vegen mellom Skjåk og Stryn vart bygd med handmakt og stod ferdig i 1894. Ei viktig ferdselsåre og den vart brøytt med handmakt kvar vår. Det vart lagt ned timesvis med arbeid både for å bygge vegen og for å grave vegen fram frå snøen for å sleppe fram handelsfolk, turistar, friarar og andre som hadde ærend mellom aust og vest. Derfor var det stor feiring den 17. oktober 1978 da Kong Olav V kom og offisielt opna den nye heilårsvegen mellom Skjåk og Stryn.

Nye vegløysingar både i aust og i vest set større fokus på RV 15 Skjåk – Stryn nå. Det er høg tungtrafikkandel i dag og denne fjellovergangen er ei viktig transportåre for næringslivet på begge sider av fjellet. Derfor byrjar det å bli ei veldig stor utfordring med gamle og for småe tunellar med dårleg og til dels farleg framkommelegheit. Det er manglande oppetid på grunn av rasfare som gjev både næringslivet og ekspressbussane unødige kostnadar og heft.

Vi treng nye tunellar nå! Tre fylkeskommunar er einige om konseptet for KVU med lang tunell frå Skåre til Lægervatnet (B1) med ein sidearm over til Geiranger og planarbeidet for dette må setjast i gang i den fyrste 6-årsperioden av NTP for å konkretisere tiltaka!

Signala for det er ikkje gode så langt. SVV har ikkje prioritert dette, det er for lite pengar til samferdsel og dei sentrale prosjekta både på veg og på bane tek altfor stor del av samferdselskaka. Vi treng ein god og ikkje minst sikker transportinfrastruktur om næringslivet vårt skal ha konkurransekraft. Regional utvikling handlar om den utviklinga som skjer i og mellom regionar. Det har vore handel og ferdsel mellom aust og vest i alle tider, og den kontakta er ikkje mindre viktig nå enn for 5000 år sidan.

Nå må både Samferdselsministeren, Regjeringa, Stortinget og ikkje minst fylkespolitikarane snu nasen mot nord og vest og sjå at vi treng samferdselsårar i heile landet om vi ynskjer og vil legge til rette for at folk skal bu og leve der. Og om vi ynskjer å bruke og nytte dei ressursane vi har til det beste for både by og bygd.

Kong Olav kom og opna heilårsvegen i 1978 og nye tunellar. Vi håpar vi får på plass nye tunellar på RV 15 Skjåk-Stryn slik at Kong Harald kan kome og opne dei. Eller må vi vente på Kong Håkon? Eller kanskje vi ikkje lenger har eit monarki den dagen det kjem nye tunellar?