MEINING:

– Ein akutt-tur til Lillehammer eller Brumunddal er stipulert til 46-48 minutt! Lite truleg personell og pasient kjem levande frå den turen.

Meining

Eg er ein av dei som har stilt meg bak eit hovudsjukehus ved Mjøsbrua. Dette vart gjort i ei tid det var mykje fokus på funksjonsfordeling og pasientar som vart sendt Mjøsa rundt. Framtida veit vi blir ressurskrevjande både fagleg og teknologisk, samle for å møte pasienten som eit heilt menneske, ikkje stykkevis og delt med ulike delar på ulike sjukehus. Vi i Nord-Gudbrandsdalen strekte oss langt, vitande om at dette ville bli ein kamp både lokalt og regionalt. Den fyrste kampen var mellom Mjøsbyane, og ein kamp mellom sjukehusa og deira kommunar, men òg ein kamp om etablerte, gode fagmiljø. For den som ikkje er i sjukehuset sitt fagmiljø var det vanskeleg å vite kva fagmiljø ein skulle lite mest på. Eg er likevel trygg på at dette er sterke fagmiljø som vil pasienten sitt beste. For oss som har lengst reiseveg frå før var det lite å spore i den fyrste "Mjøsdebatten" at det faktisk er kommunar som får kritisk lang reiseavstand for fødande eller når det oppstår akutt sjukdom.

Det vart ikkje eit vedtak berre om eit hovudsjukehus, mellom anna fordi dette hadde for stor kostnad. Det vart eit vedtak på fire sjukehus; hovudsjukehus ved Mjøsbrua, sjukehuset på Tynset, eit elektivt og eit stort akuttsjukehus. I nasjonal sjukehusplan er stort akuttsjukehus definert som eit sjukehus som har opptaksområde på meir enn 60-80 000 innbyggjarar, og som har eit breitt akutt-tilbod med akutt kirurgi og fleire medisinske spesialiteter. Helse Sør Aust greier ut 3 ulike modellar for det store akuttsjukehuset, det er med dette ikkje sikkert det blir fødeavdeling ved det store akuttsjukehuset.

Samstundes blir det utført ei analyse på opptaksområde og reiseveg. Styreleiar i Helse Sør Aust kan nå informere oss om at det blir ikkje vesentleg forskjell uansett kvar det store akuttsjukehuset og hovudsjukehuset blir liggjande ved Mjøsbrua, og den siste presentasjonen var det eine alternativet for hovudsjukehus på Brumunddal (Mjøsbrua breier om seg). Nokre få minutt skil reiseavstand om det er på Lillehammer eller Brumunddal. For oss som bor i Skjåk med ein reiseavstand på pluss/minus 20 mil til Lillehammer og 24 mil til Brumunddal er dette heilt utruleg. Ein akutt-tur til Lillehammer eller Brumunddal er stipulert til 46-48 minutt! Lite truleg personell og pasient kjem levande frå den turen. For å kome fram til denne fantastiske reisetida har dei brukt gjennomsnittleg reisetid, på den andre presenterte modellen er det brukt pasientgrunnlag (befolkningsgrunnlag), på begge modellane vil Nord-Gudbrandsdalen kome like uheldig ut. I tillegg er det ikkje ambulanse stasjonert i Skjåk og Lesja, slik at ambulansen skal kjøre i motsett retning før den kan ta med pasienten. Å presentere ei gjennomsnittleg reisetid for Innlandet blir ei hån mot våre innbyggjarar. Geografien og avstandane er ein del av faktagrunnlaget, det må ikkje gøymast i statistikk. Reisetid er ein viktig faktor i akuttsituasjonar som for eksempel slagramma.

På spørsmål om reiseavstand seier Gjedrem (15.10) at det ikkje er så stor forskjell på dei ulike alternativa, og svaret på vår bekymring er LMS, vi må få mest ut av kronene. Ja, vi skal stå på for å bygge vidare på LMS, men det vil aldri bli eit akuttsjukehus. Det må ikkje bli slik at pasientar i Nord-Gudbrandsdalen må vera avhengig av flygevær for å kunne nytte seg av relevant akuttbehandling. Eg ber Helse Sør Aust om å respektere, og ta omsyn til reell reisetid og geografi når dei skal vedta plassering av sjukehus og kva innhald dette skal ha. Vi ynskjer akuttsjukehus med fødeavdeling på Lillehammer!