MEINING:

Staten må ta rekninga etter haustflommen i 2018 i Skjåk!

Meining





Hausten 2018 skjedde det utenkjelege at Skjåk, den turraste kommuna i heile Norge, vart råka av flaum. Bolighus, vegar og annan infrastruktur fekk store skader. For Skjåkbedrifta Glasopor AS fekk flommen store konsekvensar. Både materielt og økonomisk. Flomvatnet tok med seg 25.000 kubikk av miljøproduktet deira nedover Ottaelva. Etter flommen har det vore lagt ned ein stor innsats for å få rydda opp att glasoporen i Ottaelva. Det har og pågått ein kontinuerleg diskusjon om kven som skal ta rekninga for dette oppryddingsarbeidet.

Glasopor AS har allereie lidd eit stort økonomisk tap. Nå har Miljødirektoratet i tillegg sendt bedrifta eit varsel om at dei vil fremme eit krav mot bedrifta for å få dekt utgiftene til oppryddingsarbeidet. I følgje brevet frå Miljødepartementet har oppryddingsarbeidet kosta 16,5 MNOK. Vi i Senterpartiet meiner at det er heilt feil at Glasopor AS må betale for denne oppryddinga. Ein ting er om Glasopor AS hadde vore aktlause og ikkje hadde følgd lovar og reglar. Glasopor AS har tvertimot følgd alle reglar. Dei har alle naudsynte løyver frå både statleg og kommunalt hald. Både plassering og drift av fabrikken og lagerplass for ferdig produsert vare, er godkjend av offentlege myndigheiter. Da blir det feil at dei skal bli straffa for ein flom som kom overraskande på alle.

Flommen som råka Skjåk viser kor viktig det er at myndigheitene begynner å ta klimaendringene på alvor og sørgjer for at ord blir til handling. Regjeringa har nyleg lagt fram forslag til statsbudsjett. Vi meiner at det er som er foreslått til flomforebygging er for lite. Senterpartiet meiner at det er meir lønnsemd i å forebygge framfor å reparere. Flomforebygging gir og meir tryggleik for innbyggere og næringsliv. I tillegg må statlege myndigheiter sørgje for at det er utstyr og personell som raskt kan settast inn når situasjonar som dette oppstår.

Glasopor AS er ein viktig arbeidsplass for Skjåk og for Oppland. I tillegg er glasopor eit miljøprodukt som slepp ut betydeleg mindre CO2 enn tilsvarande produkt. Det er også eit produkt som er særs godt eigna til mange formål, spesielt innanfor samferdsel og byggeprosjekt. Produktet er i tillegg med på å sikre at 100 % av all glasembalasje som blir samla i Norge blir resirkulert og oppbrukt. Glasopor AS og deira tilsette har alt for lengje levd i uvissa med kva som vil skje med fabrikken og produksjonen i Skjåk. Dette er noko som kunne og burde ha vore avklard for lengje sidan. Det var ikkje mindre enn tre statsrådar i Skjåk rett etter flommen. Da fekk dei også orientering om situasjonen med glasopor. Regjeringa bør derfor vera godt kjend med utfordringa som bedrifta står oppe i og kjenne årsaken til det som hendte i oktoberdagane i 2018. Senterpartiet kjem til å stå hardt på for at staten må ta rekninga for oppryddingsarbeidet. Dersom moglege varsla kravet frå Miljødepartementet blir ein realitet vil Senterpartiet ta saka til Stortinget. Det kan ikkje vera slik at bedrifter som følgjer alle pålegg og retningsliner skal måtte bære all kostnad og risiko for slike uforutsette hendingar.