MEINING:

Maktspel kring landsline i fjellfriluftsliv?

Meining

Noko meir fjellstøtt grunnlag for å søke om landsline enn ved den vidaregåande skulen i Lom, skal ein leite lenge etter. Kompetansen tilsette og andre fagpersonar har her frå før, gjer at det å starte opp ei landsline blir så godt som problemfritt. Moglegheitene naturen i regionen gjev oss, treng eg vel ikkje nemne.

Dette var regionrådet vårt fullt klar over når dei, utan unntak i handsaminga, var positive til å fremje søknaden til fylkestinget.

Saka om ei mogleg søking til Kunnskapsdepartementet om landsline i fjellfriluftsliv i Lom, kjem opp til handsaming i fylkestinget 20. oktober. Fylkesrådmannen rådar fylkestinget til å ikkje gå inn for landsline.
Under vurderinga av søknaden skriv han at elevane vil mest sannsynleg søke seg ut av regionen for høgare utdanning, og da er det høgst usikkert om dei kjem attende. Studiespesialiserande med fag som knyt dei meir til regionen, vil vel få fleire til å flytte attende enn vanleg studiespesialiserande retning?
Å sjå på elevtal i 1. og 2. klasse på barneskulen som grunnlag for søking til vidaregåande opplæring i framtida er ei passiv haldning til arbeidet med tilflytting. Elevtalet totalt i Innlandet når det gjeld vidaregåande, er stupande. Kva er planen?
Fylkesrådmannen nemner vidare at det er manglar i søknaden når det gjeld retningslinene til Utdanningsdirektoratet (Udir). Det er varsla nye retningsliner no, difor ligg t.d. storviltlina og andre landsliner på vent til desse kjem. Da kan ein vel òg tilpasse søknaden om landsline i fjellfriluftsliv etter vedtak i fylkestinget med hjelp frå Udir?

Innlandsstrategien, som no er vedteken i fylkestinget, er eit dokument som skal seie noko om kva ambisjonar Innlandet skal ha for utvikling av fylket dei neste fire åra.
Utdrag frå strategien: «Innlandets innbyggere og besøkende har sterke tradisjoner knyttet til naturopplevelser, friluftsliv, jakt og fiske.
Disse verdiene, som er grunnlag for attraktivitet, reiseliv og bosetting, må forvaltes langsiktig. Det samme gjelder også naturmangfoldet som gir grunnlag for natur- og friluftslivopplevelser.»

Med ei landsline kan elevar få moglegheit til å ta ei utdanningsretning retta direkte mot interessene deira. Det vil eg tru er viktig med tanke på fråfall. Dette er noko Innlandsstrategien tek for seg og ser på som viktig: «- Barn og unge er blant annet opptatt av fysisk og psykisk helse, flere alternative utdanningsløp i videregående skole og attraktive og tilrettelagte studentmiljøer».
Fråfall er ei utgift i samfunnet både økonomisk og sosialt.

Ap gjekk bort frå avtala med Sp om å gå for søking om landsline under handsaminga av saka i utval for utdanning i fylket. Grunngjevinga for utsetjing var elevtal og at dei ville vente til storviltlina i Solør vart vedteken i Kunnskapsdepartementet. Forslaget vart fremja av Even Eriksen (Ap). Dette vart samrøystes vedteke sett opp i mot fylkesrådmannen si innstilling. Kunnskapsdepartementet er alt positivt til landsline i Lom. Hugs det.
Eg har etter korrespondanse med Eriksen på Facebook, forstått det slik at elevtalsnedgang ikkje er eitt av hovudpunkta lenger. Det er bra.
Er det verkeleg denne saka Ap vil bruke i eit maktspel med Sp? Om det er årsaka til vedtaket, vil eg tru at talet på potensielle Ap-veljarar til seinare val i regionen vår blir markant redusert. All ære til Lom Ap og Rigmor Aasrud som forstår kva konsekvensar dette kan få.
Er maktspelet grunnen til at det har vore så roleg frå Sp sin gruppe i Innlandet i denne saka?

SV har gått ut med at dei kjem til å støtte søknaden.
Sp har vist kva standpunkt dei har i forslaget dei fremja i fyrste handsaminga.
Høgre har dette i programmet til fylkestingsvalet: «Se på mulighetene for å etablere en landslinje i friluftsliv ved Nord-Gudbrandsdal Vidaregåande skule.» Dei gjekk òg hardt ut i GD 12. februar 2019 med dette som ei kampsak. Dei bør da vere bankers som det heiter i norddalen.
I faget «natur og næring» vil mesteparten handle om miljø, klima, berekraft og vern.
Da har vi nok Raudt og MDG med på laget. Noko anna ville undra meg stort.
Det verkar som at det er desse Nord-Gudbrandsdalen må sette sin lit til, når Ap vaklar.