MEINING:

Skuleveka i Lom

Meining

Det pågår nå ein debatt om 4- eller 5-dagars skuleveke i Lom. Argumenta som står sterkast for 5-dagars veke er likestilling, tilflytting, omdøme og mangel på onsdags-SFO. Det er i tillegg lagt stor vekt på at kortare dagar gjev betre læring, men dette er ikkje dokumentert. Studier som er gjennomført viser ingen opplagte teikn på at læringsutbytte er annleis med fire dagars skuleveke. Det som derimot er eit faktum, er at Lom, med fire dagars skuleveke, kan vise til gode resultat på nasjonale prøvar.

Eg håpar at debatten som kjem om skuleveka, fyrst og fremst vil handle om borna, og det beste for dei, men eg har og nokre kommentarar til dei argumenta som tidlegare har vore brukt i debatten:

Likestilling. Eg meiner at kvar familie er skikka til å ta avgjersler på eige hand. Vi som er foreldre i vår tid har vakse opp i eit samfunn der gutar og jenter har vore likestilt og gjeve like moglegheiter. I den moderne familien er det ein sjølvfølge at far stiller opp på lik line med mor. Subjektivt sett, så arbeider vi i vår familie ca same stillingsprosent når ein ser på året i si heilheit, kven som tek fridagen, og kven som tek litt kortare dagar/feriedagar for å få kvardagen/skuleferiar til å henge saman er vårt val. Likestillingsdebatten har heilt andre utfordringar enn skuleveka, men denne debatten høyrer ikkje heime her.

Tilflytting. I høyringsnotatet er det nemnt at familiar som kunne tenkje seg å bu i Lom har enda opp i Skjåk pga organiseringa av skuleveka. Kor mange gjeld dette? Er det ein eller fleire familiar? Siste målingar viser dessverre folketalsnedgang både i Lom og Skjåk, men oppgang i Vågå, der dei òg har 4-dagars veke. Eg har sjølv vore i kontakt med fleire barnefamiliar som har flytta frå Lom, samt familiar som ynskjer å flytte til. Ingen av familiane som flytta frå, flytta på grunn av skuleveka. Alle treivst godt i Lom, men alle flytta på grunn av mangel på arbeid. Av dei som ynskjer å flytte hit er det same problem – dei treng arbeid (og så tykjer dei det høyrdes fint ut med ein fridag midt i veka). Ein annan faktor for å flytte hit, som vart nemnt i denne samanhengen, var det gode omdømet til skulen vår, med mykje fokus på aktiv læring og uteskule.

Omdøme. Enkelte har uttala at folk «frå anstand» tykkjer om oss fordi vi har berre 4-dagars veke, og meiner vi er avleggs. Er det verkeleg folk som bur andre stadar som skal leggje føringar på korleis vi har det her? Eg trur vi kan snu dette heilt på hovudet, med å seie at her i Lom har vi tidsfriheit og valfriheit. Tid til å ha ein dag fri med ungane våre midt i veka. Eg ynskjer å snu debatten frå at 4-dagars skuleveke for dei minste er utgått på dato, til at 4-dagars er framtida. Eg trur vi har meir å hente på å senke tempoet, både med tanke på oss sjølve og ikkje minst planeten vi bur på. Mindre (for)bruk og kast, meir tid til kvarandre og dei mjuke verdiane.

Mangel på SFO. Det er eit reelt problem at det ikkje finst eit tilbod til dei som har behov for SFO på fridagen. Her må det arbeidast med å finne ei løysing, og det er særs viktig at dei som treng det får eit tilbod. Det skal ikkje vere ein kamp for dei som treng dette, om det er ein, tre eller ti som har behov.

4 vs 5-dagars veke

Med ei 5-dagars skuleveke blir dei aller fleste påtvinga SFO. Dei færraste kan avslutte arbeidsdagen 12.45/13.30, og ungane er for små til å gå heim sjølve. Det vil altså føre til at ungane vil få like lange dagar (inkl SFO) som ved ei 4-dagars veke, men da kvar dag, utan avbrotet midt i veka. Med ei 4-dagars veke kan ein velje (forutsett eit 5-dagars tilbod på SFO) sjølv kva for løysing som passar best for sin familie. Har du turnusarbeid så er det fullt mogleg å redusere stilling og ta fri ein heil dag, men å avslutte dagen tidlegare er ikkje ei realiserbar løysing. Som mor til ein fersk 1.-klassing kan eg heller ikkje sjå at dagen er for lang i 4-dagars veka, det ser ut som at lærarane legg opp dagen på ein svært god måte, med mykje utetid sist på dagen. Eg har full tillit til at skulen løyser dette på den aller beste måten for borna.

Eit avbrekk midt i veka. Ein av vår tids største utfordringar i dagleglivet er stress og tidsklemma. Mange blir utbrende og det ser ut til at det er eit aukande problem med psykisk uhelse blant born og unge. Verda vi lev i blir ofte kalla eit hamsterhjul der vi spring rundt og fyller kvar ledige stund med plikt og aktivitet. Langvarig stress er eit aukande samfunnsproblem som fører med seg ulike helseutfordringar. Eg seier ikkje at 4-dagars veka er løysinga på desse problema, men eg trur at om vi har høve for, så har vi har godt av ein dag midt i veka der born og vaksne får anledning til å dra i bremsen, roe ned tempoet, og vere saman utan press, stress og prestasjon. Vi overlet stadig meir av barndommen til ungane våre til institusjonar og organiserte aktivitetar, og eg veit at mange foreldre med meg ynskjer meir tid med borna. Eg ser i høyringsuttala at det er bekymringar rundt at barna blir sitjande på skjerm, og det verkar som det er tvil om foreldra evnar å ta seg av borna sine denne dagen. Eg trur vi skal ha litt meir tillit til foreldra her, og sjå at mange born får andre erfaringar enn det skulen gjev denne dagen, om det er hus-/hage og gardsarbeid, fjellturar eller avslapping med legobygging, leik og bibliotekbesøk. Det verkar i staden som at samfunnet vil putte oss alle inn i ein og same boks og at alle skal vere heilt like. Da blir det fort trangt. Vi vil ha mangfald og rom for alle. Men det er og i høyringsuttala uttrykt bekymring rundt dei sårbare borna som ikkje har det bra heime. Desse skal ikkje gløymast og må takast på alvor. Det gjer vondt for oss alle å tenkje på at ikkje alle born har det godt heime, men det gjeld då ikkje berre på onsdagar, men og ettermiddagar, helger, feriar m.m. Desse borna må fangast opp, men det er dessverre ikkje 5-dagars skuleveke som er løysinga på dette. Her må riktige instansar koblast på og andre tiltak settast inn.

Til sist, men ikkje minst:

Undersøkingar som har vore gjort seier at born med 4-dagars veke er godt tilfreds med løysinga og ynskjer å ha det slik. La oss behalde 4-dagars skuleveke som eit valfritt gode!