MEINING:

Fylkesrådmannen innstiller på avslag for oppretting av landsline for friluftsliv i Nord-Gudbrandsdalen, slik ynskjer ikkje SV det!

Meining

SV støtter sjølvsagt ei landslinje for friluftsliv i Nord-Gudbrandsdalen. Vi treng utdanning som tek tak i potensialet Innlandet har, slik som reiseliv og naturforvaltning, der målet mellom anna er utvikling av framtidas arbeidsplassar. Det er det nettopp det ei landslinje i friluftsliv gjer; Den bygger på unike kvalitetar, brei og sterk kompetanse i ein region som kan ha moglegheit til å sitte att med verdiskapinga lokalt, men også gje denne kompetansen til andre som søkjer seg hit.

SV er tydeleg på at alt næringsliv må bli meir berekraftig og at næringslivet står ovanfor store endingar og omstillingar. Koronapandemien har synt oss kor sårbare vi er og det er viktig å merke seg kva som for mange vart løysinga i ei usikker og vond tid, nemleg friluftsliv.

Landslina er tenkt lagt til ein skule i ein region som har hatt og vil få stor interesse knytt til kompetanse og erfaring med berekraftig friluftsliv. Landslinja er eit ynskje om å styrke, vidareføre og bringe vidare denne kunnskapen, og vil med det legge grunnlag for kompetanse for framtida. Eit ynskje SV delar med regionen.

Innlandet fylkeskommune har laga seg ein visjon, men innimellom blir eg usikker på om den gjeld for heile fylket?

Eg siterer visjonen; «Innlandet – eventyrlige muligheter. Et fylke med sterke røtter og store drømmer, med en ledende posisjon innen teknologi, industri, landbruk og reiseliv.»

Visjonen peiker framover slik Innlandsstrategien også skal gjere. Strategien er ei verktøykasse vi skal kunne ta i bruk basert på eit godt kunnskapsgrunnlag. Men om moglegheitene skal bli eventyrlege så må viljen, draumane og moglegheitene gjelde for heile fylket.

Meiner fylkesrådmannen at folk i distrikta ikkje treng høgare utdanning?

I saka om landslinje for friluftsliv i Nord-Gudbrandsdalen har fylkesrådmannen innstilt på avslag. Grunngjevnaden for avslaget vitnar om liten vilje til å satse på heile fylket, og det syner i tillegg at det ikkje kan ha vore vilje til å gå godt nok inn i søknaden. Det gjer meg både opprørt og forundra.
Fylkesrådmannen grunngjev avslaget mellom anna med at landslina ikkje gjev grunnlag for fag- og yrkeskompetanse, men er sitat; « en inngang til høyere utdanning».

Skal eg forstå det slik at distrikta ikkje treng innbyggarar med høgare utdanning? Landslina legg ikkje opp til at ein skal gå rett ut i eit yrke, men er retta mot høgare utdanning.
Vidare seier fylkesrådmannen at eleven vil søkje seg ut frå regionen og neppe kome attende. Vi må arbeide for at det blir mogleg å kome attende, ikkje resignere og bestemme oss for at slik skal det vere i fortsettinga og. Dessutan har Høgskulen i Innlandet campus Lillehammer ei brei studieportefølje knytt til reiseliv.I utval for utdanning vedtok eit fleirtal å avvente eit positivt vedtak for landslinje for friluftsliv i Nord-Gudbrandsdalen. Vi forventar noko anna når saka skal handsamast i Fylkestinget neste veke.

Korleis skal ein kunne oppfylle eventyrlege draumar og ta leiande posisjonar innan mellom anna reiseliv, om ein ikkje våger å satse på moglegheiter ei slik landsline vil legge grunnlag for i den regionen som antakeleg er sterkast på friluftsliv, naturbasert reiseliv og naturforvaltning i landet?

SV er klar på at vi vågar å drøyme, ta posisjonar og ser moglegheiter for heile Innlandet. Difor støttar vi også ei landslinje for friluftsliv i Nord-Gudbrandsdalen.