MEINING:

Ja til femdagars skuleveke i Lom

Meining

Den siste tida har det vore diskutert om Lom kommune skal ha fire- eller femdagars skuleveke. Dette er ein diskusjon det er på høg tid vi tek. Det har vore fleire innlegg i Fjuken om dette, i tillegg til at blant anna kommuneadministrasjonen har uttala seg i eit høyringsnotat. Det er svært lite forsking rundt temaet, både nasjonalt og internasjonalt. På grunn av dette blir det offentlege ordskiftet meir viktig enn elles. Det er viktig at vi får fram så mange sider av saka som mogleg. Vi er begge opptekne av born, og ser for oss å kunne flytte til Lom. I lys av dette vil vi dele tankane våre kring denne saka.

Eitt av punkta det har vore snakka mykje om er læringsutbyttet til elevane. Her tolkar vi det slik at både Lom kommune, forskingsrapporten frå NORCE (2019) og dei ulike innlegga i Fjuken er samde. Alle peikar på at det ikkje er definitive fordelar med femdagars skuleveke når det gjeld læringsutbyttet. Alle peikar også på at det heller ikkje er motsett. Det er utruleg mange faktorar som påverkar læring, og vi har rett og slett ikkje forskingsbasert dokumentasjon nok når det gjeld fem- eller firedagars skuleveke. Det betyr ikkje at ein ikkje kan argumentere pedagogisk for femdagars skuleveke, slik det vert peikt på i høyringsnotatet frå Lom kommune.

Dei sårbare borna er ei anna side som har vore diskutert. I både høyringsnotat frå Lom kommune og i forskingsrapporten frå NORCE er dette eit viktig perspektiv. Dei sårbare borna har vi i Lom òg. Det har blitt argumentert for at eit godt nok pedagogisk tilbod i SFO vil kunne kompensere for desse borna i ei firedagars veke. Dette er per no ikkje eit haldbart argument, då SFO i Lom kommune ikkje er eit pedagogisk tilbod. Heller ikkje i Opplæringslova (1998) er det krav om at SFO skal vere eit pedagogisk tilbod. Om Lom kommune skulle utvide SFO til å vere eit pedagogisk tilbod, vil dette vere ressurskrevjande. I ein trong kommuneøkonomi er det nærliggande å tenke at denne meirkostnaden blir lagt på brukarane – foreldra. Vi jobbar begge to med sårbare born kvar einaste dag. I kvardagen vår ser vi kor viktig den daglege kontinuiteten på skulen er for mange av dei. Om det er slik at elevane treng 3 dagar fri kvar veke, kan ein heller utfordre skulen på korleis denne kan bli betre til gjere skulekvardagen meir lystbetont og meistringsorientert. For fleire elevar er skulen ei trygg hamn i kvardagen. Skulen og foreldra kan saman skape ein god kvardag for borna. Vi trur femdagars skuleveke kan vere eit god verkemiddel i så måte, då dette vil skape meir kontinuitet i kvardagen for dei som treng det mest.

Vi har sett at mange argumenterer med betre livskvalitet, og at onsdagsfri gjev kvalitetstid med borna i ein elles travel kvardag. Det er ingen som er ueinige i at dette er tilfellet for mange. Men det må vere rom for å seie at ikkje alle har moglegheit til å nytte seg av den fleksibiliteten som firedagars skuleveke kan gi. Årsakene til dette kan vere mange – til dømes praktiske eller økonomiske. Det treng ikkje å bety at desse familiane har dårlegare livskvalitet, eller at desse foreldra er dårlegare foreldre. Vi ser til forskingsrapporten frå NORCE som seier at ein bør ta diskusjonen bort frå verdiar og over til praktiske konsekvensar. For oss er det klåre praktiske og økonomiske konsekvensar av å fortsette med firedagars skuleveke. Dette vil vere ei stor hindring i kabalen som skal gå opp om vi skal flytte heim til Lom. For oss kan dette vere tunga på vektskåla for om vi blir verande i Osloområdet, eller om vi flyttar heim. Vi trur ikkje vi er åleine om å tenke dette. Folketalet i Lom går ned, og dette er ikkje ein ny trend. SSB trur det vil vere 1855 innbyggjarar i Lom i 2050, slik trenden er no. Dette må vi snu. Færre innbyggjarar vil kunne bety færre arbeidsplassar, som igjen vil kunne bety endå færre innbyggjarar. Dette blir ein vond sirkel. Vi trur femdagars skuleveke kan vere eit verkemiddel på vegen for å snu trenden.

For oss handlar denne saka om det nære og handgripelege. Vi har ikkje born no, men vi planlegg framtida med tanke på å få born, og vi kan sjå for oss ei framtid i Lom. Per no må vi vere ærlege å seie at firedagars skuleveke er ein av dei viktigaste enkeltfaktorane for om vi kjem til å flytte til Lom i framtida. Vi er ikkje i ein situasjon der vi kan nytte oss av den fleksibiliteten det blir argumentert for at firedagars skuleveke gjev. Vi har heller ikkje økonomi til å jobbe deltid, og vi har ikkje jobbar som er fleksible nok til å ha onsdagen fri. Gjennom fleire innlegg i Fjuken har det kome fram gode argument for firedagars skuleveke, og vi er glade for at diskusjonen får fram fleire ulike sider. Uansett kva side vi er på i denne saka, er alle opptekne av borna og av Lom. For oss er det likevel slik at argumenta for femdagars skuleveke veg tyngre enn argumenta mot. Difor seier vi; Ja til femdagars skuleveke i Lom!

Kjelder:

Jentoft, N., Arnesen, S. M. K., & Hellang, Ø. (2019). Lokale konsekvenser av firedagers skoleuke. Rapport 13 – 2019 NORCE Samfunnsforskning

Opplæringslova

Statistisk sentralbyrå, befolkningsstatistikk

Høyringsnotat fire- eller femdagars skuleveke, Lom kommune