MEINING:

Hald fram med 4-dagarsveke i Lom!

Meining

Det er mange som har reagert på den noko einsidige framstillinga kring skuledebatten i Lom dei siste månadane, deriblant oss. I høyringsnotatet frå Lom kommune om fire- eller femdagars skuleveke for1.- og 2.klasse ber kommunen om svar på seks ulike problemstillingar. Her er vårt svar på høyringsnotatet.

1. Korleis blir elevane sitt læringsutbytte påverka av fire lengre skuledagar og avbrekk midt i veka sett opp mot fem kortare dagar?

Forsking seier, om læringsutbyttet i det heile blir påverka i nokon grad, at det ikkje er noko som peiker mot at det blir dårlegare av at elevane har fire skuledagar i veka, heller tvert om. Høyringsnotatet frå kommunen, som peikar meir på utfordringar enn fordelar ved firedagarsmodellen, ber delvis preg av subjektivitet og ei einsidig vinkling på empiri og forsking. Mellom anna blir det vist til eit utdrag frå RAPPORT 13-2019 frå NORCE Samfunnsforskning. Denne rapporten har, i motsetnad til kva høyringsnotatet frå Lom kommune kan gje inntrykk av, få eintydige resultat og kan også hevdast å mangle full objektivitet til forskingsmaterialet. Det understrekar derimot at «en finner ingen opplagte tegn på at læringsutbyttet er annerledes med fire dagersskoleuke» og at «kommunene viser gode resultater på grunnskolepoeng og har stort sett 100 %overgang til videregående skole» (s. 4 i rapporten). Vidare slår rapporten fast at «de ansatte melder at elevene ikke mister den røde tråden, da lekser til torsdag ofte blir gjort på fridagen. Dette mener de blir en dag med mer ro over leksene sammen med omsorgsperson, slik at de som lærere ikke oppfatter noe brudd i den røde tråden i undervisningen.» (s. 27). Elevane sjølve seier i følgje den same rapporten mellom anna at «det er godt å ha en pause fra skolen – at hjernen trenger å hvile.»,og forskarane støttar dette med å peike på at «En god veksling mellom læring og hvile er sentralt for læreprosessen.» (s. 27). Forskar og professor emeritus Christian W. Beck, som var forskar på dette området i ei årrekkje, var tydeleg på at ei firedagarsveke er den beste løysinga også når det gjeld læringsutbytte, og at barn som går på skulen i fire dagar lærer like mykje som dei som går i fem dagar(Trøite, 2008).

2. Kva er dei positive sidene ved å halde fram med firedagars skuleveke?

Reint personleg er det den verdifulle tida i lag med ungane og den næraste familien som her veg tyngst for oss. Vi, og mange familiar med oss, set stor pris på å ha ein dag midt i veka der vi berre kan vere saman og kjenne på fridomen av å faktisk ha litt tid som ikkje er bunden opp av faste gjeremål. Vi er fleire som føler på at dagane og åra med barna renn som sand mellom fingrane våre, og desse onsdagane som gjev moglegheiter til å få litt dyrebar tid saman, er mykje verd. Vi opplev at barna har meir ro og betre konsentrasjon og motivasjon for skulearbeidet, og at leksetida og læringa får betre kvalitet når ho kan falle på dagtid onsdagar. Når forskinga også viser at læringsutbyttet til barna ikkje blir dårlegare, og at barna opplev at dei møter meir utkvilde og motiverte på skulen etter onsdagsfri (noko lærarane i RAPPORT 13-2019 bekreftar) tør vi påstå at dette er eit tungtvegande forsvar for firedagarsveka. Mange foreldre med oss føretrekker fire noko lengre skuledagar, av di det gjev ei valmoglegheit og større fleksibilitet. Femdagarsmodellen tvingar mange foreldre til å ha ungane i SFO, av di dei færraste kan arbeide frå ni til eitt, halv to kvar dag, noko som blir lengda skuledagen dersom femdagarsmodellen blir ein realitet. Femdagarsmodellen gjev difor totalt sett både lengre og fleire skuledagar for alle. Argumentet om at fem dagar skule gjev stuttare skuledagar held da heller ikkje vatn, da det ofte er enklare for dei føresette å få til ein fridag i veka enn å arbeide fem stuttare dagar. Eit anna spørsmål vi gjerne skulle hatt svar på gjeld den økonomiske biten av debatten. Er den økonomiske skilnaden på femdagars skuleveke med tri ekstra utkøyringar og ein undervisingstime meir i veka i høve til fire skuledagar og ein dag med SFO eigentleg i favør femdagarsmodellen?

3. Korleis kan organisering av skuleveka påverke læringsutbyttet og sosiale forskjellar spesieltfor sårbare elevar?

Her meiner vi at ein kan snu på den einsidige argumentasjonen om at firedagarsveke kan utgjere ein negativ risikofaktor. Kvifor ikkje sjå dei fleksible onsdagane som ei moglegheit i staden for ei utfordring? Dette føreset eit godt SFO-tilbod på onsdagar. Spesialpedagogar, dei som arbeider med minoritetsspråklege og andre ressurspersonar i skulemiljøet kan her utforme og gjennomføre opplegg der dei har moglegheit til å vere saman med mindre grupper og/eller einskildelevar med særskilde behov i lengre periodar utan å stigmatisere dei ved å ta dei ut frå ordinær undervising eller på anna vis skilje dei frå resten av klassa.

4. Kva konsekvensar kan organisering ha for likestilling og heiltidskultur?

Det er fyrst og fremst viktig å understreke at vi har full forståing og respekt for dei som ikkje har moglegheit eller ynskje om onsdagsfri frå arbeid, og støttar deira krav om eit godt SFO-tilbod på onsdagar. Når det er sagt, så er det nokså søkt å tillegga eller i det heile antyde at organiseringa av skuleveka er årsaka til deltidskulturen i kommunal drift. Her er det (mange) andre og meir komplekse faktorar som speler inn. Det er mange foreldre som arbeider deltid medan barna er små, som oftast er det kvinnene, og da er det nærliggjande å setje spørsmålsteikn ved om dette er god likestilling. Det er eit viktig spørsmål å stille, men ein skal passe seg for å trekke den konklusjonen at kvinnene er heime av di dei må, og av di dei tradisjonelle kjønnsrollene og –mønstra krev det. Vi har framleis til gode å høyre om nokon som arbeider i ufrivillige deltidsstillingar fordi dei må vere heime med ungane onsdagar. Det er derimot mange døme der foreldre vel å vere heime onsdagar av di dei ynskjer det sjølve. Uansett skal ein respektera det valet kvar familie tek med tanke på organiseringa av arbeid og skule. Det som ikkje kan respekterast er at ein framstiller foreldre som vel å vere heime som«bakstreverske» og «gamaldagse». Kva tid vart det å prioritere familien bakstreversk? Ein må godta at vi vel å prioritere ulikt, og forstå at sjølv om ei mor ynskjer å vere heime med ungane ein dag i veka ikkje tydar at ho er «nedpåsett» eller kjønsdiskriminert. Likestilling er fleksibilitet til å gjere det som er mogleg og best for kvar familie, skreiv Aud Hove i sitt debattinnlegget i GD 4. juli i år. Det er vi heilt samde i.

5. Kva konsekvensar kan organisering av skuleveka ha for tenesteproduksjon og verdiskaping i offentleg og privat sektor?

Vi opplev ikkje at organiseringa har negativ påverknad på tenesteproduksjon og verdiskaping. Vi arbeider i kvar vår sektor, og vår erfaring er at båe sektorar i høgste grad er både fleksible og løysingsorienterte når det gjeld dette. Elles har det vore nemnt at firedagarsveka skapar utfordringar for næringsutviklinga i kommunen. Dette stiller vi oss svært undrande til. Vi vil gjerne høyre kva døme kommunen kan vise til her, og kva grunnlag dei har for å hevde noko slikt. Uavhengig av dette må vi seie at vi blir provoserte og lei oss på vegne av ungane når fridagen deira (og ungane med) blir framstilte som hinder for utvikling i kommunen. Kvar ligg vel utviklingspotensiale og framtidsvisjonar om det ikkje nettopp er hjå ungane?

6. Kan skuleveka ha noko å bety for Lom sitt omdømme som ein attraktiv kommune å flytte til?

Tvert imot kva høyringsnotatet ymtar om, har vi erfaring med at foreldre samlast om ordninga med firedagarsveke, og at fleire opplev dette som ein styrke for kommunen og omdømmet. Kvifor ikkje sjå på fleksibiliteten og den positive effekten den firedagars skuleveka gjev, også når det gjeld for Lom å gjere seg attraktiv som tilflyttarkommune. I RAPPORT 13-2019, side 4, kan ein lese at «En sterk overvekt av elevene som har erfaring med fire dagers skoleuke er svært fornøyd med denne ordningen, og kan fortelle om et rikt hverdagsliv på fridagen (...)». Som foreldre er vi samde med barna i dette. Dersom vi skulle ha flytt i dag, med tri barn i alderen 1-6 år, hadde firedagarsmodellen vore eit viktig argument for å koma til Lom.

Vi vonar Lom kommune vel å halde fram med firedagarsmodellen. Vi skjønar samstundes godt at onsdagsfri ikkje er praktisk mogleg eller ynskjeleg for alle familiar, og difor meiner vi også at eit godtSFO-tilbod onsdagar må bli oppretta for dei som treng det (sjølv om det er få elevar), og at dette vil vere den beste løysinga for alle. Forskingsrapporten frå Agder visar at både elevar og lærarar er nøgde med denne modellen og ser store fordelar med den. Som foreldre ber vi om at vi får ha desse gode onsdagane i lag med ungane våre. Vi ber om at ungane blir høyrd, for som skulejenta vår seier; «E elska onsdagsfri, e.»

Kjelder:

Jentoft, Nina, Arnesen, Siv Merete Kjenes og Hellang, Øyvind (2019) Lokale konsekvenser av firedagers skoleuke Et studie av fire kommuner på Agder, RAPPORT 13 – 2019 NORCESamfunnsforskning.

Trøite, Jenny Kanestrøm (2008) Boikott heldagsskolen! https://www.nrk.no/norge/--boikott-heldagssskolen_-1.5912590