MEINING:

Heiltid, kompetanse og beredskap

Meining

Koronapandemien viser oss at kommunen treng fleire heile, faste stillingar og god kompetanse blant tilsette i samfunnsviktige funksjonar. Dette er avgjerande for kommunen sin evne til å handtere store kriser. For å få til dette, må grunnbemanning og heiltid i omsorg og oppvekst lyftast høgt på dagsorden i dei kommunale økonomiplanprosessane.

Kampen for heiltid og faste stillingar har til nå dreia seg mest om den som yter og den som tek imot tenestene i ein normal kvardag. Arbeidstakaren treng ei løn å leva av og ei god arbeidsavtale ved til dømes søknad om lån til eigen bustad, for å kunne planlegge kvardagen med familien, og for opparbeiding av pensjonsrettar. Den som mottek tenestene treng faste og kompetente hjelparar, ikkje mange og tilfeldige. Slik blir det gode og trygge tenester, og slik byggjer vi tillit mellom hjelpar og brukar, mellom tilsett og arbeidsgjevar og mellom kommune og den enkelte innbyggar.

Dei seinare åra har utlysing av ledige, heile stillingar også vorte sett på som ein betydeleg konkurransefordel i kampen om den kvalifiserte arbeidskrafta. Talet på arbeidsføre ser ut til å gå ned i distriktskommunane, og talet på dei som vil ha behov for tenester ser ut til å auke. Det oppstår med andre ord ei stor utfordring med å rekruttere mange nok medarbeidarar til å utføre tenestene.

Under pandemien har arbeidet med heiltid og faste tilsettingstilhøve fått ein ny dimensjon. Det at tenesteapparatet står støtt, viser seg nemleg også som ein viktig del av beredskapen og evnene til å handtere store kriser som trugar med å lamme lokalsamfunnet. Beredskap handlar om å ha ein solid grunnmur, bygd på ein arbeidsstokk med oppdatert kompetanse som forstår og løyser oppgåvene i ein normal driftssituasjon, men som og like raskt kan kaste seg rundt og handtere ei uvarsla krise.

Partane i kommuneoppgjeret har nå forplikta seg til å styrke arbeidet for at fleire tilsette skal få heile stillingar. Samtidig skal tema knytt til kompetanse, læring, utvikling og omstilling bli utgreidde. Dette arbeidet må forplikte i den enkelte kommune og på den enkelte arbeidsplass, så vel som i sentralt oppnemnte utval.

Økonomiplanarbeidet i kommunen handlar mykje om sjukeheimplassar, omsorgsbustader, skule- og barnehagestruktur, og det er millionar til investeringar som får mest merksemd. Nye, større byggeprosjekt blir finansierte ved å ta opp lån, noko som aukar utgifter til renter og avdrag. Dessverre blir det ofte nødvendig å redusere årsverk for å skape balanse i rekneskapen.

Vågå SV meiner at tilsette er den viktigaste ressursen kommunen rår over. God beredskap og god kvalitet i tenestene blir skapt gjennom stabilitet og god kompetanse i arbeidsstokken. Trygge arbeidsplassar med faste, heile stillingar, samt ein kultur for å satse på kompetanseutvikling, læring og utvikling av den enkelte tilsette, bidrar til nettopp dette. Derfor vil SV arbeide for å halde nede investeringskostnader til nye bygg, til fordel for investeringar i gode medarbeidarar.