MEINING

Glasopor – ein prøvestein

Meining

Dønningane etter oktoberflommen Skjåk i 2018 har ikkje lagt seg. Når Miljødirektoratet - etter å ta tenkt seg om i to år – nå vil ta kvelartak på bedrifta Glasopor as, er det mange som på nytt får problem med nattesøvnen. For det har vore ei nærmast umenneskeleg belastning å bli stempla som miljøsvin; ein forureinar av dimensjonar. Miljødirektoratet trugar bedrifta med eit krav på nær 17 millionar kroner for opprydding av miljøproduktet Glasopor. Kan det bety slutten for vidare satsing i Skjåk? Flaggar Glasopor ut frå fjellbygda Skjåk, er det stor fare for at lokale transportselskap også kan bli med i dragsuget. Vi snakkar om rundt 30 arbeidsplassar. Og store ringverknader elles.

Glasopor har teke viktige grep for å leve opp til den miljøbedrifta dei ynskjer å stå som eit godt eksempel for. Produktet er basert på resirkulert glas. For nokre år sidan la dei av eigen god vilje om drifta av smelteomnane frå gass til strøm. Eit kjempeløft for bedrifta i Skjåk, som har eit årleg forbruk på 10 GWh. Bedrifta har støtt teke ansvar for å drive etter lovverket.

Glasopor as satsa på ny vekst i Skjåk da dei fekk ny og større lagerplass, der det før var miljøstasjon. Myndigheitene hadde ikkje innvendingar. Med andre ord er lagerplassen godkjent. Absolutt ingen såg for seg ein flom som ville ta med seg lageret. Men det skjedde. Ikkje usannsynleg snakkar vi om ein 500-årsflom. Korleis kan ein ruste seg for ein slik flom?

Glasopor spreidde seg nedover vassdraget. Ukritisk negativ omtale har gjeve bedrifta svekka omdømme. Myndigheitene, i fyrste omgang ved Fylkesmannen i Innlandet, starta eit råkøyr nærmast utan sidestykke mot bedrifta i Skjåk. Flommen tok også med seg store mengder forureinande produkt, søppel og skrot som kunne sporast. Men så langt det er kjent, er det berre Glasopor som har fått pålegg for opprydding etterfylgd av eit enormt krav.

Det er vanskeleg å fatte at det er rett å stemple Glasopor som ein forureinar da lagerplassen var godkjent både av kommunen og Fylkesmannen. Ingen såg for seg ein flom av slike dimensjonar. Hadde ein gjort det, hadde ikkje Glasopor fått løyve til lagring av produktet på dette arealet, som berre nokre månader tidlegare var miljøstasjon. Som naturlegvis var godkjent av myndigheitene. Kva hadde skjedd dersom farleg avfall hadde blitt teke av flommen? Kven hadde fått ansvar for opprydding? Kven skulle teke rekninga? Snakkar vi her om å statuere eit eksempel?

I vårt tilfelle har Glasopor as vorte peika ut som den store stygge ulven. Myndigheitene fråskriv seg altså ansvar for eit område dei sjølve godkjende. Forstå det den som kan. På grunn av klimaendringar vi har kjent til i fleire år, må vi ta større høgde for sikring mot flom og ras. Glasopor hadde ikkje fått noko pålegg i så måte. Derfor er det heilt urimeleg å sende rekninga til Glasopor as. Saka er best tent med at Miljødirektoratet set strek over kravet. Det Glasopor as og andre bedrifter i distrikt-Norge treng er optimisme, og ikkje motbør.