MEINING:

Kong Salomo mot Jørgen Hattemaker

Meining

I GD 17. sept.les eg om to miljøkatastrofar.Den eine 100 år gammal, bevisst, med plan og overlegg, den andre utløyst av ekstremver utan varsel.

At eit skytefelt på Hjerkinn er kosta på 660 mill. for å få månelandskapet attende til nasjonalparkkvalitet, er flott. at eit lager med glasopor over natta vart teke av ein rasande "Vår Herre" - med store konsekvensar for ei lita bedrift- er ufatteleg.

På Dovrefjell feirar dei med to ministrar, store ord, fanfare og 660 mill. , medan dei i Skjåk står med skam og krav om 16 mill.! Alle er samde om at forureinar skal betale for skaden. På Hjerkinn er det Staten som har ansvaret, men i Skjåk?

Og alle er samde om at skytefeltet var eit nødvendig onde, og alle er vel samde om at dei store utgiftene kan forsvarast. Men korleis kan eit prosjekt som nyttar og omdannar problemavfall til miljøvennleg isolasjonsmateriale, bli straffa så hardt for noko dei er uskuldige i?

Dette er Kong Salomo mot Jørgen Hattemaker på nytt. Staten bevilgar store summar for å rydde opp etter seg sjølv, medan ein uskuldig skal BETALE for å hjelpe til i arbeidet for eit betre miljø. Her må Staten betale- også i Skjåk. Noko anna er svært urettferdig!