MEINING:

– Når du bur i Lom sentrum må du tåle littegran støy.

Meining

Nå har det vore skrive mykje om bilkøyring og traktorkøyring i Lom sentrum. Er dette ein bra ting eller ein dårleg ting? Fleire personar som bur i Lom sentrum likar ikkje dette. Dei meiner at det er for mykje støy. Eg kan si meg einig med at det fører med seg støy, men når du har valt å busetja deg i sentrum bør du tåle det.

Kvar dag får vi høyre at vi må koma oss ut av huset og vera sosiale, men kvar? Nå har ungdommen fått beskjed om at vi ikkje bør køyre bil, traktor eller moped i sentrum. Og etter at ungdomsklubben vart stengt har vi ikkje ein plass å vera. Butikkar og kafear likar ikkje at vi er der heller. Da spør eg politikarane: Kvar vil de at ungdommen skal vera?

Vi har ei langstrakt bygd, der det er lite kollektivtilbod. Korleis skal vi kome oss til vener når nokon bur i Garmo, nokon i Lia og nokon i Bøverdalen? Om vi ikkje kan køyre traktor eller moped, korleis meiner politikarane at vi skal kome oss ut av huset og treffe jamnaldringar?

Som eg nemnte tidlegare; når du bur i Lom sentrum må du tåle littegran støy. Det er som å bu ved sidan av eit jorde der dei køyrer på møkk om våren; kanskje likar du det ikkje, men du må godta det. Og vi som er ungdom må ha retten til å køyre i sentrum, det er møtestaden vår.

Mange eg har prata med meiner at Lom sentrum byrjar å sjå ut som det gjorde før, mange treffest med traktor eller bil og køyrer rundt. Eg sjølv meiner at dette er ein bra ting. Eg spør dei som ikkje likar køyringa i sentrum nå; kva gjorde de når de var ungdommar?

Eg tykkjer det er dumt at all ungdom blir skore under same kam, alle er ikkje slike folk trur. Mange av ungdommane i Lom står heilt i ro på kiwiplassen, ja det er nokre som køyrer litt uforsvarleg, men det betyr ikkje alle! Håpar at fleire av den eldre generasjonen skjønar dette snart.

Mange som bur i Lom sentrum meiner at vi ikkje skal køyre så seint på kvelden, men det er einaste tida vi har fri. Enten er vi på skule eller så arbeider vi.

Vi som er ungdommar vil berre treffast og ha det moro, vi meiner ikkje å lage støy eller problem for andre.