MEINING:

Eg er snau og smal og eg går baklengs inn i framtida

Meining

I eit debattinnlegg i Fjuken er Torunn Elise Kveen frå SV lei seg fordi kommunestyret i Vågå vil ha sterkare politisk styring slik at tradisjonsmusikk og korps får ein sentral plass i kulturskulen i bygda. Ho meiner at vi som driv med tradisjonsmusikk og korps høyrer heime i båsen «snau og smal» og at vi ikkje bør sleppast inn i kulturskulen. På slutten av innlegget er ho lei seg for at ho vaks opp på 70 og 80-talet der tilbodet berre var tradisjonsmusikk, korps eller ballspel og ho meiner at Vågå nå går baklengs inn i framtida.

Eg var medlem i ei nemd som i 1991 laga grunnlaget for det som vart musikkskule i Vågå og det er kanskje grunn til å minne om kva som var den viktigaste konklusjonen den gongen: «Nemda meiner at Vågå treng ein kommunal musikkskule m.a. for å sikre god rekruttering blant dei unge til det lokale sang- og musikkliv. Likeins vil ein musikkskule gje eit godt grunnlag for dei som søkjer vidare musikkutdanning. I tillegg vil ein musikkskule vera eit rimeleg og godt fritidstilbod til mange barn og unge».

Sjøl om det har kome andre krav til innhaldet i ein kulturskule i dag er det likevel grunn til å minne om at det var manglande rekruttering til m.a. tradisjonsmusikk og korps som den gongen var hovudårsaken til at musikkskulen kom. Vi som i dag er plassert i båsen «snau og smal» har dessverre opplevd lita drahjelpa for rekruttering frå kulturskulen. Rekrutteringssituasjonen for korps der eg høyrer til er dessverre dårlegare nå enn i 1991.

Det er også grunn til å minne om at Vågå har ei musikkforeining som vart stifta i 1885 og som er ei av landets eldste som har vore i kontinuerleg drift. Politikarane i Vågå syner med sitt kommunestyrevedtak at dei ynskjer å ta vare på denne lange musikktradisjonen i bygda og at dei vil legge eit grunnlag for rekruttering. Dersom vi hadde fortsatt som før, slik som Torunn Elise Kveen ynskjer, er eg redd for at m.a. 17-mai toget i koronaåret 2020 med bilkortesje og høgtalarmusikk blir resultatet på sikt.

Eg meiner det er bra at Vågå kommunestyre vil gje såpass stor plass i kulturskulen til musikktradisjonane i bygda og at dei på denne måten syner at dette er tradisjonar som har stor verdi for bygda. Dersom dette kjem på rett spor er vi sikra betre kontinuitet i rekrutteringsarbeidet enn at dette heile tida skal baserast på friviljuge eldsjeler. Det er bra at vi på denne måten skapar ein kulturskule som ikkje er lik alle andre og som viser fram vår musikalske identitet.

Eg er stolt av å vera snau og smal og gå baklengs inn i framtida.