Ope brev til fylkesordføraren kring tildeling av krisemidlar til destinasjonsselskap:

– At Innlandet fylkeskommune vel å nytte eit slik pressmiddel for sentralisering av reiselivsorganiseringa i tida vi no er inne i, ser vi i Visit Jotunheimen på som særs umusikalsk.

Meining

Det er framleis for tidleg å fastslå konsekvensane av pandemien for reiselivet. At den i stor grad vilmerkast på omsetnaden for 2020 er innlysande, og Lom og Jotunheimen vil på ingen måte bli skåna. Omsetnaden i den vanlegvis travle tida frå påske og utover vart borte over natta. No står vi ovanfor ein høgsesong prega av stor usikkerheit.

Dette går utover Visit Jotunheimen og våre 63 medlemsbedrifter i Lom, Skjåk og Vågå, som gjennom heile året står på for å skape ein enda meir attraktiv destinasjon. Gjennom eit auka fokus på matopplevingar, kultur og aktivitetar for både store og små, samt våre eineståande naturlege attraksjonar, kan Lom og Jotunheimen by på eit heilheitleg reiselivsprodukt. Med godt vertskap som ein raud tråd i alt vi tek for oss, gjev Lom eit uvurderleg bidrag til reiselivet i Innlandet – uansett korleis reiselivet hjå oss er organisert.

Lom registrerte i fjor 152 000 kommersielle gjestedøgn, og dette bidreg i stor grad til aktivitet og verdiskaping i regionen vår. I 2018 var det totalt 82 overnattingar per innbyggjar i Lom kommune, noko som gjev ein god indikasjon på betydninga av reiselivet. Våre medlemmar hadde same år ein samla omsetnad på over 400 millionar kroner. Dette utgjer eit formidabelt bidrag til fellesskapet i form av skatt og avgifter – uansett korleis reiselivet hjå oss er organisert.

Norge har vore venta å gå inn i den kraftigaste resesjonen sidan andre verdskrig, og reiselivsnæringa vil truleg ta lengst tid å få på fote att. Små og familieeigde bedrifter hjå oss er i likskap med resten av bransja hardt råka. Korleis kan fylkeskommunen med godt samvet sette ei så viktig reiselivskommune som Lom totalt på sidelina, i situasjonen vi er inne i no? At dei statleg tildelte midla utelukkande går til frå før kraftig offentleg subsidierte selskap, høyrer ingen stad heime i ei krise som denne. I saksframlegget frå 3. april (saksnummer 34201) skriv i praksis fylkesutvalet at dei som ikkje organiserer seg gjennom regionale destinasjonsselskap, ikkje vert tildelt ei krone. Dette vart òg gjort tydeleg av fylkesordførar i beste sendetid på NRK, og på nytt i fylkestinget 17. juni. At Innlandet fylkeskommune vel å nytte eit slik pressmiddel for sentralisering av reiselivsorganiseringa i tida vi no er inne i, ser vi i Visit Jotunheimen på som særs umusikalsk.

At det same saksframlegget også inneheldt feil kring reiselivet i Lom og hjå Visit Jotunheimen, er noko som bør bekymre Innlandets politiske leiing, men som i staden vart bagatellisert. Som fylkesrådmann Tron Bamrud sjølv påpeikte, var faktafeila i det store og heile irrelevante. Sidan reiselivet hjå oss ikkje er organisert i eit regionalt destinasjonsselskap, ville vi uansett ikkje få ei krone i støtte for å kome oss gjennom denne krisa.

Vi meiner at Innlandet fylkeskommune burde valt ei inkluderande tilnærming i ein krisesituasjon som denne. Mellom anna kan Trøndelag fylkeskommune si handsaming av tilsvarande problemstilling trekkjast fram. Vi viser til vedtaket frå Trøndelag fylkeskommune 27. mai, der dei vektlegg at krisemidla skal kome alle delar av fylket til gode, og at innsatsen ikkje skal føre til konkurransevriding innad i fylket. Ein slik effekt vert det lagt opp til, slik Innlandet fylkeskommune har valt å behandle reiselivet. Konkurransevridinga som ei så rigid og selektiv tildeling skapar, verkar for oss også å vera i utakt med statsstøtteregelverket. Visit Jotunheimen forstår at ein ikkje utan vidare kan samanlikne eit fylke med eit anna, når ulik organisering ligg til grunn. Vi framheld likevel at krisa vi no står oppe i, burde blitt møtt med noko heilt anna enn svelteforing som pressmiddel.

Styret i Visit Jotunheimen ber om at Innlandet fylkeskommune gjer ei ny vurdering i tildelinga av krisemidlar til destinasjonsselskap. Dersom same avgjerd fattast, ber vi om at dykk vurderer andre tiltak for å hjelpe reiselivsnæringa hjå oss, for å bøte på den uretten som er gjort. I fylkestinget den 17. juni, seier fylkesordføraren at tildelinga av krisemidlar er ei støtte som vi aktivt har valt å fråskrive oss. Her pratar fylkesordføraren på nytt også om gode og vonde dagar, og begge delar vert ei alt for enkel framstilling i krisa vi no står inne i. Visit Jotunheimen ynskjer å samarbeide med våre nærliggjande destinasjonsselskap, og dette er allereie noko som vert gjort. Styret i Visit Jotunheimen stiller seg positive til auka samarbeid i åra som kjem, for å sikre effektivitet og ein tydeleg marknadsposisjon. Reiselivet i Innlandet sit på særs mykje kompetanse og erfaring, og dette må nyttast for at vi skal kunne spele kvarandre enda betre.

Men, ei kvart form for samarbeid, må vera i tråd med næringa sine behov, og byggje på reisemålet si kompetanse og ynskjer kring produktutvikling, marknadsføring og profilering. Ei organisering som går på akkord med dette, vil i lengda ikkje ha livets rett. Slik situasjonen er i dag, byggjer ein viss del av reiselivsomsetnaden i Lom på ei marknadsføring som ikkje er i tråd med reisemålet si eiga. Dette skapar ei utydelegheit i marknaden. Dette bør også uroe den politiske leiinga i Innlandet, då det frå utantil framstår som særs dårleg nytting av fellesskapet- og næringa sine ressursar.

Visit Jotunheimen og våre medlemmar, ynskjer ein god og konstruktiv dialog med Innlandet fylkeskommune kring reiselivet hjå oss. Vi ser det som naudsynt å få i stand ei løysing der næringa sine behov og kompetanse er sett i førarsetet. Vi vonar at vi i løpet av dei komande månadene saman med dykk kan finne ei fornuftig løysing på våre felles utfordringar.

Reiselivsnæringa i Lom ser med bekymring på, og er skuffa over det vi ser på som urettferdig behandling. Vi viser til tilsendt invitasjon til opning av vår nye turistinformasjon tysdag 30. juni. Nye «Heimsætre» på Bergom er ikkje berre ein turistinformasjon vi er utruleg stolte over – det er også ein turistinformasjon som vil kome reiselivet i heile regionen til gode. Vi vonar at fylkesordførar og dei inviterte frå fylkesutvalet har høve til å kome på det som skal bli ein triveleg og innhaldsrik kveld. Opninga vil gje dykk eit godt høve til å kome næringa i møte, og leggje grunnlag for noko vi kan byggje vidare på i dei komande månadene.