MEINING:

Ryddeaksjon og miljøarbeid våren 2020

Meining

Mellom 27. april og 10. mai arrangerte Skjåk kommune som kjent ryddedugnad i hovudvassdraget vårt. Målretta miljøarbeid og rein elv er ei av fanesakene i Skjåk Senterparti sitt partiprogram for perioden 2019-2023. Eg er ganske så sikker på at det også er tverrpolitisk einigheit om at dette arbeidet skal vektleggast meir framover. Elver, elvebreidder og naturen vår skal ikkje sjå slik ut som denne våren. Av elva hentar vi drikkevatn, haustar fisk og verksemder nyttar den for næring og turisme. Da skal den vera rein!

Mykje av avfallet er så klart att etter flaumen i 2018, men ein ser også mykje nytt som har kome på avvege. Konsekvensane av plastforureining blir etter kvart minst like store som klimaendringane. Difor har Skjåk kommune og politikarar denne vinteren planlagt «miljøveka» med variert innhald. Ein del av dette kunne ikkje gjennomførast på grunn av koronarestriksjonane, men sjølve ryddinga har vorte gjennomført.

Tommel opp for lokallag og friviljuge

I alt har over 60 personar, representert av friviljuge, lag og organisasjonar, vore i sving og rydda i meir enn 250 timar. Ryddearbeidet blir godtgjort med økonomiske bidrag frå Skjåk Utmarksråd, Skjåk kommune og Skjåk Almenning. I tillegg bidrog Glasopor med godtgjering for rydding av glasopor. Tilnærma heile elvestrekninga mellom Dønfoss og kommunegrensa til Lom har vorte rydda. Ein stor takk til alle som har bidrege for at vi gjort tiltak innan FN sin internasjonale miljødag 5.juni!

Vegen vidare og framtida

Det langsiktige målet må utan tvil vera å kunne unngå slike store ryddeaksjonar. Det skal ikkje vera nødvendig dersom alle tek ansvar for god avfallshandtering. Alle må syrgje for sikker lagring der plast og søppel ikkje reiser i vinden. Miljøstasjonen må brukast for levering. Ikkje elvekanten! Vidare må det arbeidast politisk for å sjå på betre ordningar for handtering av rundballplast. Vi må hugse at vi er startpunktet for vassdraget til Mjøsa, og at det er her vi må nå målet med rein elv fyrst.