Ordføraren oppfordrar til å følgje råda frå Folkehelseinstituttet

– Vågå kommune har heile tida retta seg etter retningslinene frå Folkehelseinstituttett, skriv ordførar Harald Sve Bjørndal som svar til meiningsytring frå Nelly Karidatter Einstulen.
Meining

Det er i ei meiningsytring frå Nelly Karidatter Einstulen stilt spørsmål om ein kan få «samstemt smittevern-praksis» i Ottadalen.


Etterlyser samstemt smittevern-praksis i Ottadalen

Kan vi snarast få ein samstemt smittevern-praksis i Ottadalen? spør Nelly Karidatter Einstulen i eit lesarbrev.


Svaret er at det har vi. Alle følgjer retningslinene frå Folkehelseinstituttet. Det er ingen kommunar i regionen som har eigne karantenebestemmelser som går utover desse retningslinene.

Det er og stilt spørsmål om Vågå kommune oppfordrar innbyggjarane til ikkje å ta imot besøk i påska.

Vågå kommune har heile tida retta seg etter retningslinene frå Folkehelseinstituttet og formidla desse ut til innbyggjarane. Dette har vi intrykk av at folk rettar seg etter og at det gjev resultat.

Vi må ta fornuftige val i lang tid framover. Det er difor viktig å leggja seg på eit nivå som folk kan akseptere og overhalde over lang tid. Vi må difor bruke hovudet og tenkje kvar for oss korleis vi best kan handtera smittesituasjonen. Det viktigaste er likevel å reisa minst mogleg, halde avstand og vaske hendene.

Spørsmåla er mange. «Skal eg besøkje mine gamle i Vågå når eg sjølv bur i Oslo?».

Svaret kan vere både ja og nei. Nei, fordi da er du sikker på at ikkje du smittar dei. Ja, fordi dei verkeleg treng å få sjå deg, du har heimekontor, er frisk, ikkje omgås mange andre, køyrer eigen bil og liknande forhaldsreglar.

Det er ingen enkle svar. Difor vil ikkje Vågå kommune slik situasjonen er nå kategorisk oppfordre til anna enn å fylgje anbefalingane frå Folkehelseinstitutt og bruke best mogleg skjønn.

Riktig god påske til alle.