Klar oppmoding frå brannsjefane i Lom/Skjåk og Vågå

– Vår oppmoding til alle i Skjåk, Lom og Vågå er at dei tenkjer seg om både to og tre gonger før dei vel å tenne opp bål eller brenne bråte. Unødige utrykningar er det siste vi treng i denne situasjonen, skriv brannsjefane Atle Festervoll og Roar Strand.

Bråtebrann: Brannsjefane i Lom/Skjåk og Vågå ber folk om å tenkje seg om før dei brenne bråte.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Meining

Det meste i samfunnet dreiar seg om koronasituasjonen om dagen. Det er eit skjerpa fokus på å hindre smittespreiing, og vi gjer alle vårt for å følgje dei råd og oppmodingar vi får om dagen frå helsemyndigheiter og regjering.

Som brannvesen har vi pålagt oss sjølve sterkt smittevern, og eit samla brannsjefutvalg i Innlandet, samt Alarmsentral Innlandet (110), er bekymra for kva oppdrag vi dreg ut på og kva risiko vi utset oss for med tanke på å pådra oss smitte og evt vidareføre smitte.

Saka held fram under bildet.

Brannsjef i Lom og Skjåk: Atle Festervoll.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Vi går no inn i ei årstid der bakke og vegetasjon tørkar opp. Dette er ikkje unormalt i vårt område, der vi er vane med at det er tørt. Det er heller ikkje unormalt at det er nokre som brenner bråte og tenner bål med kvist og trevirke, der det generelle rådet uansett er at alle skal ha slukka før det blir mørkt.

Det som er nytt no er koronasituasjonen og risikoen våre mannskap utset seg for på alle typar oppdrag. Brann- og redning er i våre kommunar ein sårbar ressurs, og vi vil helst unngå å sende personell ut på oppdrag som kunne vore unngått.

Saka held fram under bildet.

Brannsjef i Vågå: Roar Strand (står til venstre).  

Vår oppmoding til alle i Skjåk, Lom og Vågå er at dei tenkjer seg om både to og tre gonger før dei vel å tenne opp bål eller brenne bråte. Unødige utrykningar er det siste vi treng i denne situasjonen.

Det er og ei sterk oppmoding frå Alarmsentralen, at brenning bør minimerast i den tida vi no er inne i. Med innmeldingar om brenning frå alle kommunar i heile Innlandet, utgjer det eit betydeleg press på operatørane som betjener alarmtelefon 110, noko som kan hindre anna viktig informasjon frå å nå fram.

Det nasjonale bålforbudet trer ikkje i kraft før 15. april, og det er ingen av brannsjefane i Innlandet som ønskjer å iverksette forbod mot brenning før denne datoen, men vi ber då om bistand frå dykk til å redusere risikoen for at bål- og bråtebrening skal komme ut av kontroll, nettopp ved å avstå frå å brenne.

Ta ansvar – vis varsemd – tenk forsvarleg!

Vi treng våre ressursar til å handtere dei kritiske og viktige hendingane!