MEINING:

Moralisme i koronaens tid

Meining

Eit aldri så lite spark til eigen og andres sjølvrettferdige moralisme, og ein bitteliten sutresang fordi eg må gjeva avkall på hyttelivet nå i koronaens tid: Eg har vore på hytta i Bøverdalen i tre veker, og hadde tenkt å tilbringe våren her. Men nå må eg reise til byen att på grunn av hytteforbodet, for ein vil jo gjerne gjera det som er best for felleskapet. Lom har få hytter, men det er ikkje rom for dispensasjonar, som rimeleg er.

Kommunen gjer berre det dei er pålagt å gjera, og eg har full forståing for at vi alle må halde oss der vi har den faste bustaden vår. Men det tyder at eg reiser frå noko trygt til noko utrygt. Og dessutan: Korkje i Lom eller i Oslo får eg hjelp om eg får korona-symptom. Ingen får hjelp som ikkje er sjukehuspasient frå før, over 65 år, har annan alvorleg sjukdom eller har arbeid i helsevesenet. Men om eg til dømes bryt av ein fot eller får hjarteinfarkt av angst for korona, vil eg bli ei byrde for helsevesenet, både i hyttefylket og i Oslo. Er eg ein egoist om eg syns det er litt tullete at eg ikkje får vera der eg lever tryggast?

Mange meiner nok det. Men - og her kjem litt sjølvransaking inn: Eg trur ein skal vera litt forsiktig med å kalle folk for egoistar, idiotar og slikt, for alle har sine eigne beveggrunnar som kan vera like gode som andre sine, og alle må takle sin eigen angst, og alle er i same båt. Tidleg under nedstenginga la eg ut eit innlegg på fb som dømde dei som hamstra nord og ned. Eg trudde dei handla egoistisk, utan tanke på andre. Men eg har kome til at eg tok feil. Dei var redde og ulykkelege, og hadde panikk. Ei mor med barn som har ekstra omsorgsbehov gjorde meg merksam på at ho handla ekstra for å verne barnet sitt. Så eg syns vi alle skal leggje av oss denne sjølvrettferdige trua på at vi sjølve gjer det rette alltid, og at dei som handlar ulikt oss er låkare menneske.

Og berre for å ha sagt det: Det er lett å sitja oppi diverse hyttedalar og vera moralistisk, når ein sjølv har uendeleg med natur å gå ut i, og slepp å leva i trengsel i byane. Eg trur mange kjem til å angre på at dei kom med så mange stygge karakteristikkar av hyttefolket, av joggarane, av dei som handla ekstra på butikken. For kanskje kjem det ei meir normal tid etter koronaen, der vi alle skal leva saman att.