MEINING:

Etter koronakrisa og før klimakatastrofen ...

Meining

Den gamle venen min Svante, ringde nettopp på retur frå Sverige til eit verhardt fiskever på nordvestkysten vår der han bur, «Ingen panikk i Sverige», sa han. «Der er skulane opne og trafikken går som i England. Det er berre Noreg som har råd til å stengje alt ned og tilby full løn i 20 dagar til alle permitterte».

«Nå ja,- innvendte eg, det er kanskje litt tidleg ennå å gjera opp status over kven som har greidd å takle pandemien best»?

I nyheitene melder dei at regjeringa skal bruke minst 100 milliardar på å takle fyrste fase av krisen. «Ingen skal tapa økonomisk på dette», tek Ap-leiaren opp att etter finansministeren.

Om det er alle norske politikarar samde!

Det skal vera farleg å stikke handa inn i eit kveksbol, og særleg der alle er enige om alt. Men i alderdommeleg uforstand tillet eg meg likevel å stille eit lite spørsmål? Er ikkje koronakrisa ei glimrande anledning til å prøve å kutte ørlite gran ned på dei oppblåste honorara og lønene våre? Nå når børsane fell som blylodd og dreg CO2 utsleppa med seg, er ikkje dette eit høve til å vurdere bruk- og kastsamfunnet vårt, forbruket av natur og den globale oppvarminga på nytt?

Mot klimakrise kan ingen isolere seg med karantene og full løn i 20 dagar.