MEINING:

Sjakk i Skjåk

Illustrasjonsfoto  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Meining

Eg er ein følsom person og tårane kjem lett. Eg veit at i løpet av den tida det tek å sette ned på papiret det eg nå har tenkt å skrive, må eg nok tørke nokre tårar. Men skitt la gå. Vi har på nytt klart å få i gang ein slags sjakklubb her i Skjåk. (Stor ære til Bjørn Tuva som stod på, og står på for å få til dette.) Eg trudde kanskje vi kunne samle nokre få sjeler som var aktive i vår storheitstid. Eg turde ikkje håpe på at vi greide å få med ungdomen. Eg såg ikkje for meg at vi greidde å få til ei kobling mellom vår storheitstid og eit nytt forsøk i dag, men nå trur eg eg tok feil. Det vermer mitt gamle sjakkhjerte å sjå Tor Arne Bakken og Ove Andersbakken sette seg ved brettet å spela med vår unge generasjon og villig gje av sin kunnskap og inspirasjon. Desse to var to av mange unge i vår storheitstid. Det vermer også å høyre at foreldra den gongen bl.a. Ragnhild Nygjerdet gjev oss rosande ord for at vi prøver på nytt. Sist, men ikkje minst rører det meg at Ola Rishein som var ein av dei drivande den gongen, på nytt sit ved brettet. Alt dette gjev meg tru på at vi kan skape våre eigne verdiar sjølv i utkantar langt frå Sinsenkrysset. Nå er mitt håp at vi kan kapre fleire unge. men også vaksne for å bli med å bygge bruer mellom generasjonar. Til det er sjakk eit framifrå verktøy.

Vi har fått god respons frå sponsorar som har hjelpt oss igang med å skaffe utstyr. Desse er til nå; Skjåk kommune, Skjåk Energi, Skjåk Bil, Byggern Skjåk, Skeimo. Elma og Pololfoss. Takk og til Frivilligsentralen som stiller opp og gjev oss rimelege spelelokal.

Har sendt søknad til fleire bl.a Lom & Skjåk sparebank og ventar spent på svar.

Vi tek sjølvsagt gjerne imot fleire bidrag.

Vi spelar kvar torsdag på Frivilligsentralen. Kom gjerne og bli med eller berre for å sjå.

La oss bygge bruer!