UP-kontroll: Forelegg, anmeldelse og avskilting

Utrykkingspolitiet hadde kontroll på riksveg 15 i Skjåk sundag kveld.

Kontroll: UP hadde laserkontroll på riksveg 15 i Skjåk sundag kveld.  Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

New Articles

Det var i 60-sona ved Ånstad i Skjåk at Utrykkingspolitiet (UP) gjennomførte laserkontroll sundag kveld.

Politioverbetjent Jonny Gundersen opplyser til Fjuken at det vart skrive ut åtte forenkla forelegg for fart. Høgaste fart som vart målt i 60-sona var 76 km/t.

Gundersen fortel at det også vart skrive ein anmeldelse for fart.

– Denne føraren ville ikkje vedta forenkla forelegg fordi bilen framfor hadde køyrd forbi vedkomande tidlegare. Denne vart for øvrig målt til lovleg hastigheit ved kontrollposten, opplyser Gundersen.

Politioverbetjenten fortel at det også vart ei avskilting under UP-kontrollen sundag.

– Det vart eit forenkla forelegg på 5.850 kroner og avskilting på grunn av trimma moped/lett MC, rapporterer Jonny Gundersen.