Soknerådet tek sterk avstand frå hendinga utanfor kyrkjegarden i Vågå: – Vi vil ta saka vidare

Leiar i soknerådet i Vågå, Erik Lillebråten, tykkjer lite om det som skjedde utanfor kyrkjegarden fredag ettermiddag.

Tek avstand: Leiar i soknerådet i Vågå, Erik Lillebråten, tykkjer lite om det som skjedde utanfor kyrkjegarden fredag ettermiddag.  Foto: Arve Danielsen/Arkiv

New Articles

– På vegner av kyrkja og soknerådet er det viktig for meg å seia at vi tek sterk avstand frå handlinga som skjedde utanfor kyrkjegarden i dag. Eg vil beskrive denne oppførselen som avskyeleg, seier soknerådsleiaren i Vågå, Erik Lillebråten, til Fjuken.