Nå startar gjenopninga: Frå fredag reverserast dei strenge tiltaka som vart innført før påske

Regjeringa startar gjenopninga av store delar av Noreg fredag denne veka.

Startar gjenopninga: Fredag denne veka startar gjenopninga av Noreg. Det opplyste statsminister Erna Solberg tysdag ettermiddag.  Foto: Skjermdump/Regjeringen

New Articles

Det var under regjeringa si pressekonferanse tysdag ettermiddag, at statsminister Erna Solberg gjorde det kjent at fyrste trinn av gjenopninga av Noreg tek til fredag denne veka.

Frå denne dagen, fredag 16. april, reverserast dei strenge smitteverntiltaka som vart innført rett før påske.

At ein nå kan starte gjenopninga av Noreg er i fylgje statsminister Erna Solberg basert på smittesituasjon og sjukdomsbilde, kapasitet i helsetenesta, og vaksinasjon. Statsministeren syner til at smittetala nå er lågare enn før påske og at talet på sjukehusinnleggingar går ned.

Regjeringa sitt fyrste trinn i gjenopninga av landet, inneber fylgjande oppdaterte nasjonale smitteverntiltak, gjeldande frå fredag 16. april:

  • Tilrådd avstand reduserast frå to til éin meter.
  • Folk bør framleis avgrense sosial kontakt. Regjeringa oppmodar folk til å treffast utandørs, og ikkje ha fleire enn fem gjestar heime. Er alle gjestane frå same husstand, kan ein ha fleire gjestar, men det må vera mogleg å halde tilstrekkeleg avstand.
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.
  • Det blir tillate med skjenking fram til klokka 22, med krav om matservering.
  • Arrangement som samlar personar frå fleire kommunar, bør utsetjast eller avlysast.
  • På private samankomstar utanfor eigen heim, til dømes i leigde eller lånte lokalar, er det tillate med ti personar innandørs. Utandørs er det tillate med inntil 20 personar.
  • Offentlege arrangement kan samle inntil 100 personar innandørs når alle i publikum sit på faste, tilviste plassar.
  • På offentlege arrangement som går føre seg innandørs, men som ikkje har faste, tilviste plassar, er det mogleg å samle maks ti personar. Det gjerast unntak for idretts- og kulturarrangement for personar under 20 år, der alle er frå same kommune. På desse arrangementa kan ein samle inntil 50 personar.
  • Utandørs kan inntil 200 personar samlast på offentlege arrangement.
  • Dersom alle sit på faste, tilviste plassar, og det er to meters avstand mellom kohortane, vil det vera mogleg å samle 600 personar fordelt på tre kohortar, som til dømes på ein fotballstadion.
  • Regjeringa frårår unødvendige innanlandsreiser. Dette er særleg viktig til og frå område med høgt smittepress. Ein kan reise på hytta (eigd eller leigd) eller hotell innanlands, men unngå kollektivtransport om det er mogleg. Reiser til arbeids- og studiestad kan reknast som nødvendig reise.
  • Framleis heimekontor for alle som har høve til dette.
    (Kjelde: Regjeringa)

Det vil vera data, og ikkje datoar, som avgjer om vi kan gå frå eitt trinn til det neste. Som hovudregel blir det om lag 3 veker mellom kvart gjenopningstrinn.

Statsminister Erna Solberg understrekar at alle må sjekke kva reglar som gjeld lokalt der ein bur eller oppheld seg. At det nå blir letta på tiltak nasjonalt, betyr ikkje at tiltaka blir letta på der dei lokale tiltaka er strengare enn dei nasjonale, som til dømes i område der smitten har vore høgast.

Sjå full oversikt over gjeldande tiltak på regjeringa sine heimesider.