Smitte i Dovre og Sel - Vågå følgjer med på situasjonen

I Vågå er det førebels ingen med påvist smitte, men det er personar som er sett i karantene og ventekarantene som resultat av smitte i Dovre og Sel.
New Articles

Det er påvist smitte i Dovre og Sel kommunar, og Vågå følgjer tett med på situasjonen.

Det melder Vågå kommune laurdag føremiddag.

I Vågå er det førebels ingen med påvist smitt, men som eit resultat av smitte i nabokommunane er det personar som er sett i karantene og ventekarantene.

– Vi oppmodar alle innbyggjarane om å teste seg dersom ein har symptom, skriv kommunen på si heimeside.

Informasjonstelefonen om korona i Vågå er 95 25 39 90. Telefonen er også open laurdag 10. april og sundag 11. april mellom klokka 11-14.

Alle MÅ følge gjeldande smittevernråd:

Ha god hand- og hostehygiene

Hald 2 meter avstand til andre enn eigen husstand

Ha få nærkontakter

Test deg ved mistanke om smitte

Hugs bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand

Vågå kommune oppmodar alle om å vere lojale mot beskjedar frå legekontoret rundt karantenebestemmelser.