Dette er årets fugl 2021

Norsk Ornitologisk Forening har vald gulsporven som «Årets fugl» i 2021.

Årets fugl 2021: Norsk Ornitologisk Forening har bestemt at gulsporven er årets fugl 2021  Foto: Jan Erik Røer

New Articles

Kvart år gjev foreininga ein fugleart ekstra merksemd. Gulsporvbestanden er i attendegang, noko som har gjeve arten status som «nær trua» på den norske raudlista. Ei av årsakene er truleg at den slit med å tilpasse seg det moderne jordbruket. Arten legg reiret på bakken, og det kan dermed vera utsett for øydeleggjing av landbruksmaskiner.