Person gjennom isen i Lom

Politiet fekk måndag ettermiddag melding om at ein person har gått gjennom isen ved Tronoodden i Lom.
New Articles

Meldinga kom til politiet klokka 13 måndag.

Ved operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt får Fjuken opplyst at situasjonen er uavklara.

– Vi kan ikkje stadfeste kva som har skjedd, men redningsressursar er varsla for å vera med i redningsaksjonen, seier operasjonsleiaren ved 13-tida.

Siste nytt:

Politiet melder klokka 13.37 at personen hadde kome seg på land ved eiga hjelp og møtt av politiet.

Vedkomande var våt og blir teken hand om.