Trafikkulykke i Bøverdalen

Politiet melder om ei bilulykke i Bøverdalen tysdag ettermiddag.
New Articles

Det skal vera ein bil som har køyrt av vegen.

Naudetatane er på veg.

Oppdatering klokka 17.00:

Operasjonsleiar ved Innlandet politidistrikt fortel at ein lokal sjåfør er frakta med ambulanse til legevakta på Otta, for ein sjekk.

– Det er ingen mistanke om høg fart eller promillekøyring. Naudetatane har varsla om svært glatt veg og vanskelege køyretilhøve, fortel operasjonsleiaren.