Førarkortbeslag i Skjåk

UP hadde fartskontrollar langs riksveg 15 i Skjåk onsdag kveld.
New Articles

Etter å fått ein del tips og klager for at det kan gå vel fort opp mot fjellet, hadde UP gjennomsnittsfartskontroll tysdag kveld.

Det var likevel nede i bygda at det gjekk for fort med to sjåførar.

– Ein, i retning aust, køyrde i 86 km/t i 60-sona i Nordberg og ein vart målt til 91 km/t i 60-sona ved Ånstad. Båe mista førarkortet, melder Jonny Gundersen i UP.

To andre fekk forenkla forelegg for fart medan ein tredje vart anmeldt for å ha køyrt utan gyldig førarkort for tilhenger, for fart og for køyring mot påbode køyreretning. Altså tre ting på ein gong.