Nytt smittetilfelle i Skjåk

Éin person i Skjåk har fått påvist koronasmitte.
New Articles

Det er Skjåk kommune som fredag ettermiddag informerer om at det er eitt nytt smittetilfelle på korona i Skjåk.

Vedkomande er sett i isolasjon, og fire nærkontaktar er sett i karantene.

I fylgje kommunen er det per 16. oktober ikkje mistanke om mogleg smitte utanom dei fem personane.