Bombegruppa til Vågå

Det vart måndag ettermiddag funne ein mistenkjeleg gjenstand ved ein rasteplass i Vågå.
New Articles

Om lag klokka 14.30 måndag ettermiddag fekk politiet i Innlandet melding om ein mistenkjeleg gjenstand på ein rasteplass ved riksveg 15 i Vågå.

Rett etter fekk Fjuken opplyst at det heile truleg var heilt udramatisk.

Ei god stund seinare vart det likevel bestemt at bombegruppa skulle tilkallast.

Bombegruppa vart frakta frå Oslo med helikopter og er nå på plass.

Til NTB opplyser politiet at situasjonen er under kontroll.