Trafikkulykke i Skjåk

Naudetatane rykka tysdag ettermiddag ut til ei trafikkulykke på rv15 i Skjåk.

Ulykke: Naudetatane rykka tysdag ettermiddag ut til ei trafikkulykke ved Vigstad i Skjåk.  Foto: Jan-Magne Falkenhaug

New Articles

Ulykka skjedde på riksveg 15 ved Vigstad ved 14.30-tida tysdag. To bilar med til saman fem personar var involvert i ulykka.

– Det er prat om ein bubil og ein personbil som har kollidert. Det kan tyde på at det eine køyretyet har kome over i motgåande køyrefelt, men årsaka er så langt ikkje kjent, seier operasjonsleiar Sidsel Svarstad i Innlandet politidistrikt.

I bubilen var det fire personar, medan det i personbilen var berre føraren.

Alle naudetatane rykka ut til møteulykka.

– Alle personane var ute av bilane da naudetatane kom til ulykkesstaden, og er tekne hand om av helsepersonell. Det er rapportert om at personar er frakta til sjukehus med ukjent skadeomfang, seier Svarstad ved 15-tida tysdag.

På spørsmål om dei involverte personane i ulykka var heimehøyrande i vårt distrikt, svarer operasjonsleiaren at dei registrerte eigarane av dei to bilane ikkje er det.

– Vi har så langt ikkje fått personalia på dei involverte i ulykka, seier Sidsel Svarstad.

Riksveg 15 er heilt stengt for trafikk i båe retningar, og det er tysdag ettermiddag omkøyring via fylkesveg 2646 Skjåk solside.

Politiet veit ikkje kor lenge riksvegen blir stengt.