Geirangervegen opnar onsdag ettermiddag

Møre og Romsdal fylkeskommune kan endeleg åpne heile vegen for sommaren onsdag 17. juni klokka 1400.

Dette bildet er teke måndag da siste etappe av vegen mot Langvatnet vart fresa.  Foto: Bjarne-Martin Valde/Møre og Romsdal fylkeskommune.

New Articles

– Det har vore en krevjande vår med veldig mykje snø, mykje vêr, skredfare og låge temperaturar til langt uti juni. På det høgaste har brøytekantane vore 12 meter, fortel byggeleiar Kåre Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det er mykje snø i fjellet enno og delar av strekninga er utsett for skred heile året. Stavbrekkfonna ved Langvatn blir fortsatt overvaka. Om det blir endringar i vêrforhalda eller skredfaren aukar kan vegen bli stengt på kort varsel.

Vegtrafikksentralen har alltid oppdaterte vegmeldingar på 175.no