Landskappleiken og Landsfestivalen 2020 blir avlyst

Styret i FolkOrg har, i samråd med lokale arrangørar av Landskappleiken 2020 i Tinn og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2020 i Fron, vorte samde om å avlyse båe arrangementa.

Krevjande: – Det var ei krevjande og tung avgjerd å ta, seier Hilde Reitan.   Foto: FolkOrg

New Articles

Det varslar FolkOrg i ei pressemelding.

Det betyr at Landskappleiken blir avlyst for fyrste gong sidan 2. verdskrig. Landsfestivalen i gammaldansmusikk blir avlyst for fyrste gong.

– Det er ei krevjande og tung avgjerd å ta, men vi meiner det er heilt naudsynt når landet er i ein krisesituasjon vi ikkje har opplevd maken til i nyare tid. Det er fyrste gong Landskappleiken blir avlyst sidan 2. verdskrig, så dette er ein dramatisk situasjon også for organisasjonen vår. Situasjonen er for tida svært uavklåra, og sjølv om dei strenge og inngripande tiltaka som nå er sett i verk kan bidra til å redusere smitteomfanget, har vi ingen garanti for at dette ikkje kan ta seg opp att når dei strenge restriksjonane blir lempa på, seier Hilde Reitan, styreleiar i FolkOrg.

Ho slår fast at dei ikkje kan risikere å utsetja folk for smitteeksponering ved å gjennomføre to store arrangement med tett kontakt mellom folk, mot alle råd og restriksjonar frå helsemynde og regjering.

– Vi kan heller ikkje risikere at våre lokallag knekker ryggen økonomisk dersom dei skulle halde fram med planlegging og inngåing av avtalar med leverandørar og kommersielle samarbeidspartar, nå når det er så usikkert om arrangementa kan gjennomførast. Da er det betre å avlyse arrangementa i sommar fyrst som sist og koma sterkare attende i 2021, seier Hilde Reitan.

FolkOrg, Landsfestivalen i Fron 2020 og Landsfestivalen i Vågå 2021 er samde om at festivalen i 2021 skal gjennomførast i Vågå som opphavleg planlagt.

Landskappleiken som skulle ha vore i Lom i 2021 blir flytta til 2022 - og Landskappleiken som skulle vore arrangert på Gol i 2022 blir flytta til 2023.