Lom kommune ynskjer oversikt over tilgjengeleg helsepersonell

Har du helsefagleg utdanning eller erfaring, men arbeider med andre oppgåver i dag?
New Articles

Da vil Lom kommune gjerne høyre frå deg.

Lom kommune skriv dette i ei ny oppdatering:

Er du alderspensjonist? Du kan arbeide med koronakrisen utan å tape pensjon!
Regjeringa lempar med umiddelbar verknad på reglar slik at pensjonerte sjukepleiarar og andre i naudsynte yrkesgrupper kan jobbe utan å få pensjonen redusert.

Regelen gjeld frå fredag 13. mars og fram til 1. november, og altså for arbeid knytt til koronaviruset.

I fyrste omgang ynskjer vi berre ei oversikt over tilgjengeleg helsepersonell, men dersom vi kjem i ein situasjon med mangel på personell, tek vi direkte kontakt med deg.

For å halde oversikt over alle som ynskjer å bidra, så må alle registrere seg.

Førebels er det berre mogleg for friviljuge som er utdanna innanfor helse, med minimum fagbrev, å melde seg til helserelaterte oppgåver, men behova for friviljugt arbeid kan endre seg.

Ordna forhold i kommunen:
Kommunen vil ta kontakt med dei som er aktuelle. Jobb i kommunale helseinstitusjonar inneber løn, samt å vere dekka av kommunen sine forsikringar. Alle må kunne vise politiattest.

For å registrere deg: Gå inn på heimesidene til Lom kommune, gå inn på linken om koronaviruset – og fyll ut skjemaet du finn der.

Har du spørsmål så ta kontakt med:
Oda Evy Øyen:
94 15 37 93
Marianne Randen: 48 16 55 25