Fleire friviljuge har meldt seg i Lom

Etter at Lom kommune tidlegare etterlyste friviljuge, har mange meldt seg.

Her er eit knippe av dei som har meldt seg friviljuge i Lom.  Foto: Lom kommune

New Articles

– Dei som kjem innom legekontoret framover vil sjå nokre nye fjes - felles for dei alle er at dei er positive og glade, og gjer ein viktig jobb for oss alle saman. Så vis litt omtanke, og ver litt tålmodig dersom det blir litt ventetid. Med hjelp av dei friviljuge som har meldt seg, er legesenteret godt rusta for både nåtid og framtid med tanke på Covid-19. Vi er glade og takksame for alle som har teke kontakt, heiter det i ei melding frå Lom kommune torsdag kveld.


Lom kommune ynskjer oversikt over tilgjengeleg helsepersonell

Har du helsefagleg utdanning eller erfaring, men arbeider med andre oppgåver i dag?


Det er heller ikkje i dag meldt om fleire i Lom med påvist smitte. Om lag 40 sit i karantene i kommunen.