Ekspressbuss med verdsrekord?

VY146 – ekspressbussen som på folkemunne blir kalla Nordfjordekspressen – har på eitt år lagt bak seg utruleg mange kilometer. Er dette noregsrekord? Eller kanskje verdsrekord?

Rekord? Er dette noregsrekord? Eller kanskje verdsrekord? Denne Volvo 9700 HD ekspressbuss går mellom Oslo og Måløy, og har på eitt år køyrd over 400.000 kilometer. To av sjåførane er Jostein Hals og Olav Fure.  Foto: Privat

New Articles

Ein sein kveld i oktober 2018 starta den nye ekspressbussen til ruta VY146 på sin fyrste nattavgang frå Bussterminalen i Oslo med Måløy som destinasjon. Eitt år seinare har ekspressbussen passert 400.000 kilometer.

Bussen er ein Volvo 9700 HD og er på vegen nesten heile døgnet – sju dagar i veka. Berre nokre få timar i døgnet står bussen parkert. Kvart døgn køyrer bussen 1.220 kilometer og har to avgangar kvar veg mellom Oslo og Måløy.

Vy express Måløy-Oslo er namnet på ekspressbussruta, som lokalt på folkemunne og internt blir omtala som Nordfjordekspressen. Ruta var opphavleg ein del av NOR-WAY Bussekspress sitt rutenett, men er i dag operert av Vy.

Ruta vart etablert allereie i 1988, og er såleis ein av landets eldste. Ruta krev sitt av både køyrety og sjåførar. Vinterstid startar ofte ruta med plussgrader og regn på havnivå, for så å gå over fjellet i streng kulde og snøfokk over 930 meter over havet, for så å gå ned mot låglandet med regn og plussgrader att.

Har ekspressbussen som på eitt år har køyrd over 400.000 kilometer sett noregsrekord? Eller kanskje også verdsrekord?