Vedlikehaldsarbeid og øving stenger tunnelar

To netter denne veka blir Opljostunnelen og Grasdalstunnelen på rv15 stengt i to og ei halv time.

Vedlikehaldsarbeid: To netter denne veka blir Opljostunnelen og Grasdalstunnelen på rv15 stengt i to og ei halv time.  Foto: Hans Erik Kjosbakken/Arkiv

New Articles

Vegtrafikksentralen øst opplyser at dei to tunnelane Opljostunnelen og Grasdalstunnelen på rv15 mellom Skjåk og Stryn blir stengt i tidsrommet 00.00-02.30 natt til onsdag og natt til torsdag.

Stenginga skuldast vedlikehaldsarbeid på kuldeportar i tunnelane.

Torsdag føremiddag blir den tredje tunnelen på fjellovergangen, Ospelitunnelen, stengt i perioden 11.00-12.00 i samband med ei øving.