Vart overraska med teikning på sitt siste kommunestyremøte som ordførar

– Det har vore artig å få gjera spetakkel av deg!
New Articles

Det sa Hans Olav «Fevril» Lien til Elias Sperstad under hans siste kommunestyremøte som ordførar i Skjåk torsdag kveld.

– Men spetakkel på ein god måte! presiserte Lien.

Kvar veke leverer Hans Olav Lien teikning til baksida av Fjuken si papiravis, og Sperstad har vore ein hyppig brukt modell.

– Eg har gått over alle teikningane mine, og Elias har vore modell - rett nok meir eller mindre ufriviljug modell - på så mange som ein tredjedel av teikningane eg har laga, kunne Hans Olav Lien fortelja.

Fjuken-teiknaren nytta høvet til å takke Elias for «modelloppdraga» med å overrekke den avtroppande ordføraren ei teikning av han, som han sjølv kan hengje på veggen sin. Teikninga inneheldt mange detaljar, og det var ein glad Sperstad som takka for kunstverket.

– Dette var utruleg artig. Du er god! Når Fjuken kjem i postkassa kvar veke, er det nå mange av lesarane som byrjar med baksida, og det er det ein god grunn til, sa Sperstad, som måtte ta ei runde og syne fram den flotte teikninga til alle komunestyrerepresentantane etter overrekkinga.